
God påske, alle sammen!
Det har nettopp vore heradsstyremøte her på Voss, og det er kjekt å kunne gå inn i påsken med nokre viktige vedtak i bagasjen. Eg er spesielt glad for at me har sagt ja til opprusting av Gamlekinoen – eit bygg som betyr mykje for mange, og som no kan få nytt liv til glede for både innbyggjarar og besøkande. Eit samrøystes vedtak er mogleg grunna god planlegging og godt finansielt forarbeid – så mykje tilskot er fantastisk – om lag 70 prosent av heradet sin kostnad!
Voss er ikkje berre ein plass me bur – det er òg ein av dei viktigaste reiselivsdestinasjonane i landet. I påsken veit me at mange kjem hit for å oppleva Vossa Jazz, naturen, fjellet og alt det Voss har å by på.
Men då er det òg viktig at me spelar på lag – at me klarer å få gjestene våre til å bruka Vangen, handla i butikkane våre, eta på serveringsstadene og vera ein del av lokalsamfunnet medan dei er her.
For det er nettopp det som skaper liv i sentrum – og som gjer at me kan halda oppe eit godt tilbod, både for dei som bur her, og for dei som kjem på besøk, og me kan få enda fleire som vil bu her!
Så mi oppmoding til deg i påsken er enkel:
Senk skuldrene. Ta godt imot dei som kjem. Ver gode vertskap. Og bidra til at Voss ikkje berre er ein plass ein reiser til – men ein plass ein har lyst til å vera og flytta til. Send også ein venleg tanke til dei som held samfunnet trygt og godt – også på dei raude dagane – brann, helse og omsorg, teknisk og alle dei andre som me samarbeider med!
Så håper eg at de alle kan nyte dagane, anten de er i bakken, i fjellet eller på Vangen – dette er ein velfortent pause frå kvardagen!
God påske og vel møtt tilbake på jobb, med fornya energi og pågangsmot – me skal klare alt som kjem!
Status for organisasjonsgjennomgangen
Torsdag 16. april vert rapporten som PwC utarbeider gjort offentleg. Mandatet PwC har fått er å ha eit eksternt blikk på overordna administrativ organisering, pluss identiifsera innsparing på 40 mill med heilårseffekt frå 2027.
Rapporten vil først verta presentert for alle tilsette i Voss herad gjennom eit Teamsmøte rett etter kl 08. Det vil koma innkalling til dette teamsmøtet etter påske, og opptak vil verta tilgjengeleg.
Seinare på dagen vil heradsstyret få same presentasjon i samband med ein temadag.
20. og 22. april vil det verta konsekvensvurderingar med leiargruppene til dei ulike avdelingane, resultatet av desse vurderingane vil fylgja med rapporten som eige vedlegg saman med rådmannen si innstilling.
I etterkant av desse møta vil rådmannen beslutta kva tiltak som skal setjast i verk. Delar av tiltaka vil verta beslutta administrativ, altså av rådmannen, medan andre tiltak skal handsamast av heradsstyret.
Til no i arbeidet har konsulentane intervjua både leiarar, mellomleiarar, tillitsvalde og verneteneste. Til saman har kring 60 personar vore intervjua. PwC har også fått kring 70 innspel i den opne postkassa. I mellom dette har konsulentane gjort ein omfattande gjennomgang av dokument og datagrunnlag.
Politisk nivå har vore involvert gjennom orienteringar i formannskap og finansråd.
Vossadagar
Denne veka har både Vossadagane, Bergen-Voss-konferansen og kulturkonferansen samla mykje folk i Voss kulturhus. Vossadagane er ein årviss møteplass som tek sikte på å løfta blikket og sjå det store biletet, og samtidig trekkja linjene frå det globale og nasjonale til Vestlandet og Voss. På første dag var tema auka polarisering, avløyst av tema «Ei krise er ikkje slutten – det er eit utgangspunkt for endring», før det var tid for eit makroøkonomisk skråblikk på Vestlandet og den store verda, utdeling av midlar frå Fjell og fjord-fondet før «Augeblikka som tel – om leiing i vår tid» avslutta første dag. På dag to opna Alexander Skadberg dagen, før reiseliv og KI var programpostane.
Arrangørar av Vossadagane er Voss herad og Voss Energi.
Etter Vossadagane var det Bergen-Voss-konferansen, som tok for seg status på vegprosjekt og jernbaneprosjekt, status på oppstart Arna-Stanghelle, godstransport og regionen sine ynskje og prioriteringar.
Mikkel Landro/Vossadagane
Fredag gjekk Kulturkonferansen 2026 av stabelen, i regi av Vossa Jazz, og som markerer at det altså er Vossa Jazz, som vanleg i palmehelga. Tema for årets konferanse er korleis sikra eit mangfaldig og fritt kulturliv i heile landet.
Klima- og miljøprisen vart også delt ut, denne gjekk til verksemda Naturverkstaden. Det kan du lesa meir om her: Klima- og miljøprisen
BygdaLab og innspel
Fristen for å koma med innspel til kommuneplanen sin arealdel er ute. Frå planavdelinga vert det opplyst at det er kome inn om lag 80 innspel.
Gjennom innspelsrunden har BygdaLab i foajeen i Gamlekinoen vore open. Kring 50 personar har vore innom, noko me skal vera nøgde med. Det har vore litt svakare besøkstal på dei opne møta som har vore arrangert.
No held arbeidet fram med å skriva høyringsutkast til kommuneplanen sin arealdel.

Arbeidsveke på Vossestrand
Tidlegare i mars hadde Kaia Kleppe arbeidsveke på Vossestrand Omsorgstun. Kaia går i 9. klasse på Voss ungdomsskule. I løpet av arbeidsveka deltok ho i mange spennande arbeidsoppgåver, og seier det har vore ei kjekk og lærerrik veke. Me takkar for at ho valde dette som arbeisveke!