Foto: Perline D. Vivås/Voss herad
Men før det, Voss brannvern har køyrt skispor på Prestegardslandet. Så spenn på deg eit par ski og ta deg ein tur i sentrum. Basert på kjennskapen me har til Voss brannvern, er det all grunn til å tru at skispora her er minst like gode som i fjellet. Og svært så tilgjengelege.
87 millionar nedtrekk
Etter at budsjettet for Voss herad vart behandla av heradsstyret informerte departementet om at me får eit trekk i rammetilskot på om lag 87 mill.kr. Det var varsla i haust om at me ville få eit trekk på grunn av høge salsprisar på konsesjonskraft som me seljer i kraftmarknaden. Me hadde tatt høgde for noko i budsjettet, men trekket vart ein god del høgre enn me hadde venta.
Det vert no jobba med å finna løysingar for å laga eit budsjett for 2023 tilpassa dei nye rammene. Me vil forsøka å finna løysingar som går minst mogleg ut over rammene til tenesteområda og dei ulike avdelingane, men mindre inntekter gjev kommunen eit mindre handlingsrom til utviklingsarbeid, nye behov og investeringar. Rådmannen vil legga fram sak om revidert budsjett til behandling i heradsstyremøte 9.mars.
Plaststrategi
Voss har fått sin fyrste plaststrategi. Heradsstyret vedtok 2.feb strategi for bruk og handtering av plast. Den omfattar mål om å blant anna redusera plastbruk i eiga verksemd med minst 40 % innan 2030. For å nå måla må alle tenesteområde bidra, og ansvar for særskilde satsingar og tiltak er vist i denne tabellen
Kva kan du og di avdeling gjera for å redusera bruk av plast og hindra plast på avvege?
Sjølve strategien finn du her: Plaststrategi - Voss herad
Temamøte oppvekst
2. februar var det temamøte oppvekst i heradsstyret.
Kultur og fritid fortalte om korleis me legg til rette for at ungdommane i Voss skal ha eit godt tilbod på fritida.
Helsestasjon, PPT og kommunepsykolog fortalte om korleis det vert jobba med psykisk helse, og då særleg inn mot ungdom.
Me hadde også innlegg om korleis det vert jobba med tidleg innsats i Voss herad. Her fekk politikarane innblikk i korleis dette kan sjå ut både frå helsestasjonen-, barnevernet-, integreringstenesta-, barnehage-, og skule sitt perspektiv.
Gjennom leik i barnehage, gode leseopplæringsplanar, tett dialog mellom kommunale instansar og gjennom samarbeid med foreldre, bidreg tilsette i Voss herad til at mange får ein god oppvekst. Samstundes veit me at betre samhandling er viktig for å lukkast enno betre og kanskje er det også tiltak me manglar i Voss herad.
Politikarane kom med mange gode innspel, både når det gjeld korleis Voss herad kan legge til rette for enno meir fritidsaktivitet for ungdommar, men også innspel til det pågåande arbeidet med kommunedelplan for tidleg innsats og livsmeistring.
10-faktor
Måndag 6.februar vert det sendt ut ein e-post med invitasjon til medarbeidarundersøkinga på jobbmailen. Gje beskjed til nærmaste leiar om du ikkje mottek e-posten. Me oppmodar alle tilsette å svara på undersøkinga før 17.februar.
Målet er at minst 85 % av våre tilsette svarer. Og kvifor skal me svara på undersøkinga? Jo, undersøkinga er ein viktig reiskap for å jobba for eit godt arbeidsmiljø gjennom medverking og involvering av dei tilsette. Undersøkinga er anonym og basert på nasjonal og internasjonal forsking.
Arbeidet med undersøkinga er dokumentert viktige for jobbmotivasjon, jobbprestasjon og resultat. Resultatet av undersøkinga vert nytta til å drive utvikling av tilsette, leiarar og organisasjonen. Gjennom gode verktøy skal me saman jobba for at me alle har ein god arbeidskvardag.
Språket
Språket er for mange av oss eit svært viktig verktøy når me skal kommunisera med kvarandre. Ein ting er korleis me snakkar, noko anna er korleis me skriv.
Om det er store språkfeil, vert det fort litt kanalstøy. Då heng lesaren seg meir opp i feil enn innhaldet. I tillegg er det lite tillitsskapande om tekstane me sender frå oss innheled mykje språkleg rusk og rask. Oppmodinga for 2023 er å nytta ordbok, både for ord og bøying.
Her er lenkje til ordbøkene til Språkrådet: Nynorskordboka. Kva med å lesa språkprofilen til heradet? Språkprofil. Elles fins det eit team som heiter Tips og triks om språk og kommunikasjon du kan melda deg inn i.
Kurs for helsepersonell
På Vetleflaten Omsorgssenter gjennomførte helse og omsorg den 1 og 2 februar fasilitatorkurs i NEWS, ISBAR og ABCDE i regi av legevaktsoverlege Silje Todnem. Dette er eit scoringssystem for tidleg oppdaging av forverring i tilstand hjå brukaren.
Dette er kurs 1 av 2, og har som mål læra-for-å-læra-vidare prinsippet.
Det var ca 20 deltakarar frå dei ulike helse og omsorgsetatane i Voss herad. Og desse har ansvaret no for å dela kunnskapen vidare i sine einingar. Dette er forankra i årshjula til dei ulike einingane.
Fasilitatorane har ein eigen plattform i teams for diskusjon og deling av kunnskap og erfaringar.
Rammeavtalar og innkjøp
Det er fleire som kanskje har lurt på kva rammeavtalar Voss herad har. Dei finn du no i Compilo, klikk på denne lenkja: (krev at du har tilgang til Compilo) Oversikt over rammeavtalar
Meir detaljert om den enkelte avtala finn du her: Detaljar om rammeavtalar
Har du spørsmål knytt til desse, eller treng hjelp med å gjennomføra innkjøp, så kontakt innkjøpsrådgjevarane våre, Arnstein Havro og Kariline Midthun Claussen.