Nyheitsbrev 5. september

Stikkord i dag: Lågaste sjukefråvær på fem år, stortingsval, nytt transporttilbod, innbyggjarapp for alt som skjer, sykkelparkering, rivningsarbeid og spennande tilbod på kulturhuset

Korttidsavdelinga ved Voss sjukeheim og heimetenesta i område vest har redusert både sjukefråvær, overtid og innleige, og kan visa til svært gode resultat. Mellom  anna kan dei siste kvartal visa tild et lågaste sjukefråværet på fem år.

Grunnen er svært godt arbeid med TØRN, som er eit nasjonalt program i regi av KS, og som handlar om ny organisering av arbeidet og arbeidstida.

Prosjektet har arbeida mykje med turnus, bemanning, oppgåvekartlegging, kompetansekartlegging og analyse av utfordringar i begge avdelingar. Tilsette har vore involverte gjennom arbeidsgruppene, infoskjermen som informasjonskanal, mail, nyheitsbrev, pausemøte og personalmøte.

Det er vorte halde fleire personalmøte både i heimetenesta og i korttidsavdelinga. Tema har vore oppgåvefordeling, workshop og ulike bemanningsløysingar/rekruttering. Tilsette har vorte utfordra på å sjå detaljert på sin arbeidskvardag med kven gjer kva og kor tid det vert gjort. I tillegg har me fått fram ulike utfordringar som er i arbeidskvardagen.

Arbeidet har gjeve endringar i organisering, og gjeve ei rekkje effektar:

  • Det er tilsett ein ny leiar for korttidsavdelinga.
  • Det er innført tilbod om langvakter i begge avdelingane.
  • Det er tilsett avdelingsvertar i korttidsavdelinga.
  • Det er starta eit arbeid med oppgåvefordeling frå sjukepleiar til helsefagarbeidar og til assistentar.
  • Det er tilsett sjukepleiarar i fagstillingar og koordinatorar som støtte til leiarar.

Effekt for tilsette, leiarar og tenestemottakarar:

  • Betre tilgang til leiar for tilsette
  • Tilpassa arbeidstidsordningar både for avdeling, tilsett og tenestemottakar
  • God kontinuitet i arbeidskvardagen for tenestemottakarar i samband med innføring av langvakter
  • Bevisstgjering og diskusjonar om oppgåvefordeling i avdelingane
  • Betre dekning av faste tilsette i helger
  • Rekruttering av sjukepleiarar og fagfolk generelt
  • Innsparingar på innleige, særleg på helg
  • Redusert overtidsbruk
  • Bedring i arbeidsmiljø både fysisk og psykisk

Målekort etter prosjektet viser at både sjukefråvær og overtidstimar er redusert, medan andel heiltidstilsette er gått opp.

Valet

I dag er siste sjanse for å førehandsrøysta. Klokka 19 vert førehandsrøystinga stengt, og det er ikkej mogleg røysta før på valdagen, måndag.

Det har vore svært stor på gang på førehandsrøystinga, og tidleg denne veka hadde over 30 prosent av alle røysteføre i Voss herad alt røysta.

Det er gjort ein stor innsats frå alle som har jobba med førehandsrøystinga, no ventar fleire lange dagar med teljing av førehandsrøyster gjennom helga og gjennomføring av sjølve valet måndag.

Nytt transporttilbod

Voss herad har fått tilskot frå Vestland fylkeskommune til ei taxi-ordning for ungdom som ikkje kjem seg til eller frå fritidsaktivitetar fordi det ikkje går buss eller tog. 

Ordninga gjeld innanfor kommunegrensene og varer i fyrste omgang ut november 2025, då den skal evaluerast og eventuelt vidareførast. Les meir om ordninga her: Taxi til og frå fritidsaktivitetar for ungdom 10-18 år - Voss herad

Rivningsarbeid

Me har utført ein del rivning arbeid i Tinghus 2 sidan i sommar, det er innvendig rivnings arbeid av gml Nav kontor lokale som skal byggast om. 

I tillegg skal me byte ut vindaguer på på fasaden i 1 etg, dette arbeide startar måndag / tysdag veke 37

Arbeidet er så langt utført av Boe sine eigne tømrarar for å halde kostnad til ombygginga nede. 

Enkelte arbeidsoperasjoner kan vera støyande, me ber om forståing for dette.

Sykkelparkering 

No kan du parkera sykkelen din i kjellaren på Tinghuset og booka heradet sine elsyklar i kalenderen din. Målet er at me på Tinghuset vert vossameistrar i sykkel til/på/frå jobb, og inspirerer resten av innbyggjarane i heradet til å sykla meir.

Sykkelparkering i kjellaren på Tinghuset

Sykkeltjuveri på Vangen er ei utfordring, og det er synd om mangelen på trygg parkering stoggar sykkelentusiasmen. Difor har me lagt til rette for at de kan parkera sykkelen dykkar i kjellaren på Tinghuset, slik at den både står trygt og tørt. Du brukar inngangskortet ditt i døra til høgre for garasjeporten, trillar sykkelen forbi garasjen og vidare innover gangen. I tillegg har me plassert ut fleire sykkelstativ på Vangen, og planen er å også montera sykkelstativ i VossaPark. 

Booking av elsyklar

Tilsette i heradet disponerer to elsyklar, Elgira og Elgeir, som gjerne kan brukast oftare – særleg i arbeidstida for å redusera småkøyring i sentrumsområdet. Dei ligg tilgjengeleg i Outlook-kalenderen som «Elsykkel1 Elgira» og «Elsykkel2 Elgeir». Dei står på sykkelparkeringa i kjellaren og er merka med namna sine.

Dersom du ser at syklane treng lading, gje beskjed til vaktmeister Atle på tlf. 992 07 132. NB! På grunn av brannfare, er det ikkje lov for oss andre å lada sykkelbatteri her på Tinghuset. 

Kva skjer på Voss?

Friskus kommune - appen for deg som vil vita, delta og bidra!

I Voss herad har me samla alt som skjer av aktivitetar i ein app. Her finn du informasjon om alt frå babysong til idrettsarrangement og konsertar. 

Du kan tilpassa informasjonen du får opp ved å nytta filter, for eksempel sortera etter alder, interesser, tidspunkt, pris, kultur, idrett osv.

Last ned appen i dag! Appen ligg klar i App Store og Google Play.

Kva skjer på Voss? - Voss herad


Kulturnytt frå Kulturhuset – ein dag for dei minste

Onsdag 17. september inviterer Kulturhuset til tre magiske framsyningar for barn 0–6 år i kultursalen. Dette blir ein heilt spesiell dag fylt av leik, dans, musikk og magi – skapt spesielt for dei minste innbyggjarane våre.

🟢 Lille Trille – ei sansande og mjuk oppleving for spedbarn og ledsagarar. Svært avgrensa plassar.
🔵 Trille – eit fargerikt eventyr med glitrande ballar, fuglar, froskar og leik.
🟠 Rulle – ei poetisk og ordlaus framsyning for barn frå 3 år og oppover, der alt er rundt – og alt kan skje.

Dette er ei unik moglegheit til å gje barna ei kunstnarleg oppleving som stimulerer sansane, skaper undring og gir rom for leik. Tips gjerne småbarnsforeldre og barnehagar – her er det noko for alle!

🎟 Meir informasjon og billettar:  Lille TrilleTrilleRulle