Eirik Seim og John-Oøav Grevle fullroste kvarandre då Voss herad overtok servicebygget
Tor H. Halvorsen
I dag var det overtaking av det nye servicebygget ved utebassenget, og alt er klart for opning i morgon laurdag.
Bygget markerer siste bit i denne delen av aktivitetsparken, og har blitt eit praktbygg som i mange år vil bidra til gode opplevingar og vera ein flott møteplass for både vossingar og tilreisande i alle aldrar.
Bygget inneheld både garderobar, toalett, kiosk, teknisk rom og badstove, og er både teikna og bygd for å tola flaum.
Prosjektleiar for gjennomføringa frå Voss herad si side har vore John-Olav Grevle, som rosar alle som har vore involverte.
- Eg takkar HLM Arkitektur med Svein Øvsthus for eit godt gjennomtenkt servicebygg med gode løysinga rog flott utsjånad. Eg takkar Østlyngen og Bergo med Kari Bergo for eit flott aktivitetstorg med gode løysingar som glir inn i resten av området. Og eg takkar Seimen AS som har fått tankar og teikningar frå arkitektar til å framstå slik det gjer i dag.
Fuelanlegg på Bømoen
Det har den siste tida vore eit intenst arbeid for å sikra tilgangen på drivstoff til fly og helikopter på Bømoen. Måndag vedtok formannskapet tilrådinga frå rådmannen om eit mellombels drivstoffanlegg på eit område Voss herad disponerer, i den vestre enden av flystripa. Eit mellombels anlegg skal driftas av Løne Maskin & Transport. Du kan lesa framlegget i saka her: Saksframlegg
Søknad om etableringa vert no handsama av byggesaksavdelinga i Voss herad, på same måte som alle andre aktørar.
Under formannskapsmøtet, og i lesarbrev i etterkant, vart det reist spørsmål kring gildskapen til kommunalsjef for tekniske tenester. Rådmannen svarte ut dette i avisa, men dette innlegget:
Tilsvar om gildskap
Tvil om gildskap i offentleg sektor er øydeleggjande for tilliten, og det er derfor avgjerande å vurdere slike spørsmål grundig. Det er ikkje noko gale i å vera ugild – det viktige er at dette vert vurdert og eventuelt tatt omsyn til. Når det er tvil, skal den tilsette be rådmannen om ei vurdering.
I eit lesarbrev om kommunalsjefen for tekniske tenester si handsaming av Bømoen-saka, spesielt knytt til plassering av fuelanlegg, vert det vist til forvaltningslova § 6 andre ledd:
«Likeins er han ugild når andre særeigne forhold ligg føre som er eigna til å svekke tilliten til hans upartiskhet …»
Siteringa er korrekt, men ufullstendig. Det står vidare i lovteksten:
«… blant annet skal legges vekt på om avgjørelsen i saken kan innebære særlig fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning til. Det skal også legges vekt på om ugildhetsinnsigelse er reist av en part.»
Etter rådmannen si vurdering er det ikkje grunnlag for å hevda at kommunalsjefen vil få særleg fordel, tap eller ulempe, verken for seg sjølv eller nære relasjonar. Noko som òg blei gjort klart i formannskapsmøtet 2. juni.
Det har blitt problematisert at kommunalsjefen tidlegare har vore tungt involvert i Bømoen-saka som ordførar. Men rollene er ulike:
Ein ordførar er beslutningstakar saman med heradsstyret, medan ein kommunalsjef er sakshandsamar som arbeider på oppdrag frå rådmannen, og legg fram innstillingar til politisk behandling.
Forvaltningslova § 6 tredje ledd om «avleia ugildskap» er også relevant. Den slår fast at når ein tenesteperson er ugild, kan ikkje avgjersle fattast av den som er ugild eller ein som er direkte underordna. Men dette hindrar ikkje tilsette i å førebu saka – det er sjølve avgjersla som må takast av nokon andre. I Bømoen-saka er det formannskapet eller heradsstyret som treff vedtak, så sjølv om kommunalsjefen ikkje hadde vore gild, kunne han framleis førebu sakene.
Våre retningsliner for slike vurderingar er å finne i dei etiske retningslinene for Voss herad, tilgjengelege på heimesida. Du kan søkja etter «etiske retningsliner» eller «gildskap» på voss.herad.no eller via Google.
Martin William Kulild, rådmann
Samling for Friskliv og meistring
Måndag og tysdag hadde Friskliv Vestland samling av Friskliv og meistringssentralar i Vestland på Voss.
Der var Voss Friskliv og meistring vertskap. Eit av foredraga var med Frisklivskoordinatoren frå Voss, Jannicke Lien. Ho snakka om korleis Voss herad har fått til eit interkommunalt samarbeid med Ulvik, Eidfjord og Vaksdal om Friskliv og meistringstilbod til innbyggjarane i heile regionen.
I salen var Vestland fylkeskommune, statsforvaltaren og 15 kommunar i Vestland med Friskliv og meistringstilbod.
Prosjekt sommarjobb 2025
Voss herad vil i sommar gje tilbod om sommarjobb for ungdom mellom 15 og 18 år.
Denne satsinga kjem som svar på innspel frå Ungdomsrådet. Voss herad vil gjennom eit samarbeid mellom fleire kommunalavdelingar, gje ungdom moglegheit for arbeid i sommar.
Det vert lagt til rette for at me tilset ungdommar i fleire tenesteområde: i omsorgsbustadar/sjukeheimane, barnehagane, SFO og kulturhuset.
42 ungdommar har fått tilbod om jobb i sommar. Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:
- Skapa hygge og aktivitet, lesa avisa, gå tur, syngja og spela visst du kan, eller spela spel og finna på andre kjekke aktivitetar med bebuarane.
- Hjelpa personar i måltid
- Kjøkkenarbeid som å laga frukost og rydda , vaska opp
- Å vera ein god leikekamerat.
- Å vera med i ulike aktivitetar som å gå på tur, spela fotball, teikna, mala, bygga Lego, perla, spela spel, leike gøymsel og andre viktige aktivitetar.
- Å hjelpa til med daglege gjeremål som måltid, påkleding og liknande.
- Vera med å jobba på ulike ferieaktivitetar for ungdom.
- Hjelpa heradet med å vidareutvikla fritidsaktivitetar og møteplassar for ungdom.
- Hjelpa til med oppgåver i kinoen, på kulturhuset og i ungdomshuset.
Marie Jordalen framfor Vossestrand OmsorgstunArbeidsveke på Vossestrand omsorgstun
Marie Jordalen, 14 år har arbeidsveke hjå Vossestrand omsorgstun denne veka.
Marie er ei aktiv jente som blandt anna driv med fotball, hest og crosskøyring på fritida.
Marie har valfag Innsats for andre på skulen, ho er då her fast annankvar veke i 6 månadar.
I tilegg til dette er ho her no i arbeidsveke og skal vere her i sommar i «prosjekt sommarjobb».
Marie fortel ho lærer mykje, er glad i menneskje og vil læra så mykje som mogleg før ho skal vidare på utdanning.
Ho har allereie no bestemt seg for å ta utdanning som paramedic eller sjukepleiar.
Ho syns det er spanande å sjå ulikheitar av bebuarar og sjukdommar som gjer at dei bur her.
Marie er framtidas arbeidkraft.
Struktur for skule og barnehage
Skule- og barnehageleiinga har hatt møte med FAU på skuler og barnehager, der foreldrerepresentanter har fått medverka i arbeidet knytt til ei framtidsretta skule og barnehagestruktur.
Tysdag 3. juni var FAU til barnehagane samla i Tinghuskantina saman med politiske representantar frå formannskapet og levekår. Dei fekk mellom anna svara på spørsmål skriftleg som vil verte lagt ved i kunnskapsgrunnlaget som vert sendt på høyring saman med tilrådingar for ein ny og framtidsretta skule og barnehagestruktur.
Onsdag 11. juni er formannskapet, Levekår og planavdelinga invitert til ein verkstad der me skal jobba saman om å finne gode løysingar for framtida.
Kunnskapsgrunnlaget og rapport med tilrådde endringar vil verte lagt ut på høyring hausten 2025.
Retningsgjevande økonomiplan
Retningsgjevande økonomiplan 2026-2029 – korleis løysa utfordringane me står i for å rusta oss for framtida?
Me har no lagt fram rådmannen sitt framlegg for overordna økonomiplan for dei neste fire åra. Denne skal gje dei overordna rammene for løyvingar og prioriteringar. Det er også grunnlaget for meir detaljert årsbudsjett 2026 og endeleg økonomiplan som me lagar i haust. Hovudtrekka i planen er grep og prioriteringar for å løysa utfordringar med stor vekst i fleire tenester, rekrutteringsvanskar og høg prisvekst. For å løysa dette er det planlagd å:
- Gjennomføra omfattande omstilling og effektivisering av tenester i samsvar med tiltaksliste som vart lagt fram i omstillingssak i mai 2025 (saksdokument)
- Auka budsjettrammer for å dekka nye brukarbehov, til bl.a grunnskule, barnevern og barnehage
- Auka eigedomsskatt i 2026 og 2027 med 1 promille for bustader og fritidsbustader (utgjer ca 20 mill.kr i meir inntekter)
- Redusert investeringsplan for å redusera låneopptak
Planen finn du her: https://pub.framsikt.net/2026/voss/bm-2026-strategiplan_2026-2029 , og den skal handsamast i heradsstyret 19.juni.
Til hausten vil me laga ein fullstendig økonomiplan som inkluderer klimabudsjett, rammer for Vossabadet og Voss idrettshall, oppdatert plan for skule- og barnehagestruktur og oppdatert investeringsplan.
Tertialrapport etter 1. tertial for Voss herad
Økonomisk status etter april 2025 for kommunen vert lagt fram i tertialrapport for 1. tertial, i formannskapet torsdag neste veke (12.06.25).
I mars vart det varsla om store meirforbruk i tenesteområda, og det er jobba godt med omstillingstiltak for å få dekka inn venta meirforbruk. Budsjettet er no justert for dei tiltaka som vart vedtatt i Heradsstyret 22. mai, i sak om omstillingstiltak, men me er likevel ikkje heilt i mål. Prognosen for områda etter 1. tertial er at me ikkje klarar å dekka inn alt venta meirforbruk ved årets slutt med dei tiltaka som er lagt fram. Totalt sett ligg me an til eit meirforbruk i tenesteområda på omtrent 14,3 mill. kr ved årets slutt, og dette må me jobba for å dekka inn innanfor rammene.
Mangfaldserklæring
22. mai vart mangfaldserklæringa for Voss herad signert av ordførar og rådmann. Erklæringa er eit prinsippdokument som forpliktar Voss herad til å arbeida for eit inkluderande, trygt og mangfaldig lokalsamfunn. Les meir her: Mangfaldserklæring
Ombruk av møblar
I tråd med Vossaklima 2030 ynskjer Voss herad auka ombruk av møblar. For å koma i gang, må me først kartleggja kva møblar me har, og som ikkje er i bruk.
I sommar kjem Ina Marie Bollingberg frå Ombruksnettverket og prosjektet Lys i gamle hus til å reisa rundt og kartleggja møblar som er ståande ubrukt. For å hjelpa Ina kan dei som har ansvar for bygg, møblar og anna fylla ut eit skjema for å finna datoar og setja rett prioritering av denne kartleggjinga. Les meir her: Ombruk av møblar