Ny kommunalsjef for oppvekst er i gang. Ingeborg Hellesnes Uppheim starta opp i jobben måndag, og er alt godt i gang.
Ingeborg bur i Ulvik, og var leiar for avdeling for førebygging og rehabilitering i Voss herad før ho no vart kommunalsjef.
Skulesjef Magnar Helland er på plass i slutten av september. Han kjem frå stillinga som rektor på Dale barne- og ungdomsskule.
Ny rådmann 16. september
Me går måndag inn i siste veka før Martin Kulild tek over som rådmann i Voss herad. Han har sin første dag hjå oss måndag 16. september, og overtek då rådmannsfullmaktene med ein gong.
Torbjørg, som har vore rådmann etter at Arild slutta i vår, vert «seniorkonsulent» i to veker før ho går av med pensjon.
Bømoen
Den saka som har prega mediebiletet mest på Voss dei siste månadane er utviklinga av Bømoen.
Det som kort fortalt er status no, er at Voss herad har avvist den formelle klagen på reguleringsplanen frå Bømoen. Grunngjevinga er mellom anna at reguleringsplanen ikkje er formelt vedtatt enno. Planen kjem til endeleg vedtak i haust, truleg i november.
Bømoen AS har også varsla søksmål mot Voss herad. Voss herad er i gang med å svara ut dette varselet. Det er viktig å understreka at Bømoen AS har ikkje saksøkt Voss herad, men dei har sendt eit varsel om søksmål.
Helse og omsorg
Me slår saman områdeleiarstillinga for Aust og Vest i kommunalavdeling helse og omsorg. Bodil Tennebekk har takka ja til denne stillinga. Leiargruppene i dei to avdelingane vil jobba seg saman med blanke ark for å finne beste løysinga for samanslåing og oppdraget.
Hovudargumentet for samanslåinga er å betra kvaliteten på tenestene slik at det vert meir lik sakshandsaming. I tillegg får me ei økonomisk oppside med eit spart leiarårsverk.
Ingeborg Hellesnes Uppheim er som kjent ny kommunalsjef oppvekst og Stine Øvsthus er konstituert i hennar jobb i avdeling for førebygging og rehabilitering. Ho vil testa ut om me kan klara å slå saman leiarstillinga for fysioterapi og ergoterapeuttenesta og verksemdsleiarstillinga Avdeling for førebygging og rehabilitering. Me vil teste ut dette dei neste 6 månadane.
Mandat for samanslåing av dagtilboda i heradet er no klart. Me har for lite areal på dagens lokasjonar og treng å finne egna areal, forhåpentleg så stort at me kan romme alle tilboda på ein stad..
Frivilligdagen
I morgon laurdag vert Vangen full av frivillige lag og organisasjonar. Det er tid for Frivilligdagen, som vert arrangert av Voss herad, Voss Sentrum, Voss Frivilligsentral og det frivillige lagslivet. Meir om denne dagen finn du her: Frivilligdagen 2024 - Voss herad
Bylivkonferanse
Neste veke er det bylivkonferanse på Voss.
Konferansen er eit samarbeid mellom Distriktssenteret, Vestland fylkeskommune, Voss herad og Bylivsenteret i Arkitektforbundet. Konferansen vender seg til alle som arbeider med berekraftig by- og tettstadsutvikling. Du kan lesa meir om konferansen på desse lenkjene: https://arkitektforbundet.no/om-nal/bylivsenteret/aktuelt/2024/naa-kan-du-melde-deg-paa-bylivkonferansen-2024/
https://www.arkitektur.no/aktuelt/byutvikling/viktig-aa-holde-offentlige-parker-og-byrom-hellige/
Oversikt og styring
Visste du at me har eit dokument der du finn info om organisasjonsstrukturen vår, våre overordna mål, kulturen vår, innovasjon, planstrukturen, overordna årshjul og mykje meir. Det heiter Styring i Voss herad, og du finn det både på heimesidene og i Compilo. Dette dokumentet er no oppdatert med leiaridentiteten, ny info og ikkje minst ei oversikt over kva overordna IT system me har og kva dei vert nytta til. God lesnad 😊
Faktura-ros
Gladsak frå økonomi: Andelen fakturaer som er handsama innan frist har gått opp frå 85 prosent til 87 prosent fyrste halvår 2024 samanlikna med same periode i fjor. Dette til trass for at den underliggande fakturastraumen har auka med 4 prosent. Totalt er det for heradet handsama nesten 16.790 fakturaer i denne perioden. Det utgjer eit snitt på omlag 130 fakturaer kvar dag. Over 95 prosent av fakturaene som kjem til heradet er i dag på det elektroniske formatet EHF, noko som gjer dei enklare å handtere internt. Nesten 60 prosent av fakturaene er knytt til ein profil, som vil seie at fakturaen har ein eller annan form for automatisk handtering.
Omstilling, innsparingar og iPluss 2027
Du har truleg fått med deg at det ikkje står så bra til med økonomien til Voss herad. I 2022, 2023 og med stort sannsyn for 2024, så er utgiftene høgare enn inntektene. Me ligg framleis an til over 30 mill.kr i meirforbruk i tenesteområda i 2024. Høg prisvekst, auka rente, dyre løysingar for å handtera fråvær, auka behov for tenester frå innbyggjarane, mange born med hjelpebehov er nokre av grunnane til at utgiftene har auka mykje siste åra. Me har også kome i ein situasjon der me har vanskar med å rekruttera folk for å kunna utøva tenester. Det gjeld spesielt legar, sjukepleiarar og lærarar. Staten er også tydeleg på at kommunane ikkje kan venta å få dekka alt av vekst i tenester framover. Me må difor planlegga for å kunna dekka vekst i tenester sjølve. Dette gjer at me no må setja i gang med å gjera tenestene våre berekraftige. Samtidig må me ha eit utgiftsnivå som me klarar å handtera utan å tømma sparekontoen.
Me har difor sett i gang omstillingsprosjektet iPluss 2027. Dette er eit endringsprosjekt for å gjera tenester meir berekraftig, bruka dei knappe ressursane me har på beste vis og samtidig få ned utgiftsnivået slik at me har råd til å drifta kommunen vår. Prosjektet er sett i gang no i haust og vil vara ut 2027.
I denne perioden skal me kartlegga og setja i verk tiltak og endringar. Nokre vil vera store og inngripande, medan nokre vil vera små og kan gjennomførast raskt. Me vil måtte greia ut om me skal gjera endringar i mellom anna skulestruktur, kvar me må endra på tenestenivå og dekningsgrad, er det nokon aktivitetar me bør slutta med, kvar kan me effektivisera, er det avtalar som bør avsluttast eller reforhandlast?
Kvar kommunalsjef er ansvarleg for gjennomføring i si eining. Der det er aktuelt med større omstilling skal det organiserast med gode prosessar og deltaking frå tillitsvald, verneombod, tilsette og aktuelle leiarar. Store omstillingar skal også til politisk handsaming og brukarråda skal koma med sine råd.
For å koma i pluss der inntektene er 1,75 % (ca. 32 mill.kr) høgare enn utgiftene i 2027, så må me starta med å gjennomføra endringar og omstilling frå 2024. Til neste år må me ha redusert utgiftene med 10 mill.kr. For å koma i mål i 2027 må me ha redusert utgifter med 22 mill.kr. Dette vert fordelt på ulike tenesteområde, og alle må bidra i omstillinga for framtida. Beløpet kunne vore mykje høgare enn dei 22 mill.kr. Mange kommunar har mykje større utfordring enn oss. Heldigvis får me litt meir inntekter framover. Kanskje det viktigaste å ha med seg om dette er at me må setja i gang omstilling slik at me har folk til å utøva tenestene våre framover. Me må klargjera oss for framtida.
Korleis vert Voss herad opplevd når me har kome i mål?
Når me har fått eit berekraftig nivå på utgiftene våre, så har me stabile budsjettrammer som gjev rett nivå av tenester, samtidig som me har handlingsrom til å handtera nye behov og samfunnsutvikling. Gjennom å ha redusert nivå på nokre tenester, effektivisert og gjort strukturendringar, har me no fått eit utgiftsnivå som me kan halda over tid. Me har folk på plass til å utøva tenestene, og tilsette vert ekstra motivert og engasjert av å få tid til å bruka fagkompetansen sin. Det vil sei at tilsette ikkje må springa endå fortare når me får nye oppgåver eller brukarar. Me har handlingsrom til å dekka nye behov både hjå brukarar, men også til tenesteutviklingsprosjekt, kompetanseutvikling og prosjekt som utviklar Voss til ein attraktiv stad. Det er ei større ro i organisasjonen der leiarar styrar drifta innafor sine rammer, og der ein slepp å kjempa for å få tak i meir ressursar. Me tenker på Voss herad sitt beste og har tillit til kvarandre at ressursar vert brukt på beste vis. Alle kjenner på eit ansvar for at me ikkje brukar meir enn me må, og eit eigarskap til vår felles økonomi.
Korleis kan det bli dersom me ikkje kjem i mål?
Dersom me driv som i dag, med vesentleg høgare utgifter enn inntekter så vil det gå 2-3 år før sparekonto er brukt opp. Då må me gjera store inngripande tiltak i tenestene. Truleg må me legga ned eller redusera mykje av tenestene våre. Tenestene må tas ned til minimumsnivå. Det er lite rom for kompetanseutvikling og nye prosjekt. Færre kan jobba i Voss herad. Vedlikehald av bygg må utsetjast. Nybygging kan me sjå langt etter. Me mistar også råderett over å forvalta midlane for kommunen vår. Statsforvaltar grip inn og bestemmer kva me kan bruka midlar på.