Nyheitsbrev 9. desember

Kanskje siste nyheitsbrev før jol, men det kan henda rampenissen kjenner seg motivert til å skriva om 14 dagar. Stikkord for dette brevet er betre tverrfagleg innsats for born og unge, bustadmangel for ukrainske flyktningar, status for legekontor, evaluering av kommunalavdeling oppvekst og drypp frå siste leiarsamling.

Trygg oppvekst

Det skal vera trygt og godt for barn og unge å veksa opp i Voss herad. Av og til oppstår likevel utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Veit du kva du skal gjera dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp?

Me har no publisert ein digital rettleiar som fortel kva du skal gjera, anten du sjølv er born eller ungdom, vaksen eller tilsett i heradet.

Rettleiaren inneheld også mykje informasjon om arbeidet med betre tverrfagleg innsats (BTI), verktøy og nyttige lenkjer i arbeidet med å gje born og unge ein trygg oppvekst. Her er lenkje til rettleiaren: Trygg oppvekst

Bustader for flyktningar frå Ukraina

Om alle kjem til Voss i desember, vil me busetja rekordmange flyktningar i år, 176 personar. Men me manglar framleis bustader til å dei som kjem i år, og ikkje minst til neste år. Det er gjort forsøk på å finna bustader, men det har ikkje gjeve gode nok resultat. Me jobbar med nye tiltak, men om nokon av de som jobbar i heradet kan hjelpa, så meld deg her: Har du plass til flyktningar

Endringar i fastlegetilbodet frå nyttår

Frå 2. januar 2023 får mange vossingar eit nytt legekontor og ein ny fastlege å forholda seg til. 

  • Alle pasientane som høyrer heime ved Vossamed får Voss legekontor som sitt nye fastlegekontor frå nyttår. Begge kontora nyttar InfoDoc journalsystem. InfoDoc overfører data denne veka for å sikra at me har nok tid til å test at overføringa går som planlagt. Det vil bli køyrd ei ekstra overføring på nyåret for å sikra at informasjon som vert nedteikna frå 8.12 til 31.12 også blir overført.
  • På Vossevangen legekontor overtek Kelsey Sletner Knut-Eirik Eliassen si tidlegare liste. Kelsey har alt jobba på denne lista som vikar. For at lista skal bli mogleg å overta for Kelsey blir ho forkorta frå rundt 1000 pasientar til 800 pasientar. 200 pasientar vil då bli overført til Voss legekontor. Uttrekket skjer automatisk og randomisert ved hjelp av HELFO. Kjernefamiliar som har felles fastlege blir ikkje splitta. Dei det gjeld får beskjed av HELFO i eige brev. 
  • Jonas Bucher har trekt oppseiinga og held fram som fastlege på si liste, men også her med ei redusert liste på 850 pasientar. Ca 250 pasientar vil bli overført til Voss legekontor på same måte som nemnt over. 
  • Den praktiske overføringa frå Vossevangen vil skje så snart som mogleg, det avheng av kapasitet hjå journalleverandøren InfoDoc. Dei pasientane det gjeld får beskjed i eige brev frå HELFO så snart alt er klart. 
  • Dei til saman litt i overkant av 3000 nye pasientane som heretter vil høyra til Voss legekontor vil bli fordelt på fire lister. Ingvil Berg og Jofrid Kolltveit vil overta to av disse frå 1. april 2023. Me ser etter to nye fastlegar me kan tilsetja saman med desse. 
  • Alle fire heimlane vil ha vikarar frå nyttår. 

Evaluering av Oppvekst

18.november hadde Agenda Kaupang samling med alle leiarar, stab og tillitsvalde i Oppvekst. På bakgrunn av den kartlegginga Agenda Kaupang har gjort, peiker dei no på fem forbetringspunkt som dei vil tilrå at Oppvekst arbeider vidare med.

Tilbakemeldingane frå deltakarane syner at vurderingane er forståelege og til å kjenna att og at dei treff godt på sektoren sine utfordringar. Kommunalsjef, Frode Monsen er glad for tilbakemeldingane og at evalueringa no har kome så langt at me har fått avdekka forbetringsområder slik at Oppvekst kan levera best mogleg tenester for innbyggjarane i Voss herad.

Agenda Kaupang skal hjelpa Oppvekst i gong med fem ulike forbetringspunkt. Nokre av desse vil skapa rask endring og effekt, medan andre punkt vil ta lengre tid.

Dei fem forbetringspunkta er

  1. Gjera leiargruppene meir effektive
  2. Skapa ei felles forståing for god leiing i Oppvekst
  3. Tydeleggjera mynde, roller og oppgåver
  4. Utvikla ein langsiktig budsjettmodell for skule
  5. Gjera mindre justeringar innan organisasjonsmodellen til Oppvekst

Leiarsamling for alle

Torsdag i førre veke var alle leiarar i Voss herad samla til ein dag med samhandling på dagsorden. Rådmannen skisserte utfordringsbiletet i samfunnet som treff kommunane, og at det er i møte mellom menneske at me må vera best for både å verta verdas beste herad, og møta dei utfordringane som kjem i framtida.

Ingvild Engen Bogetvedt snakka om dei ulike rollene kommunen har, og kvifor det me jobbar med vert meir og meir komplekst. Trude Letnes snakka om at me må tora å stikka nasen vår borti ting me kanskje ikkje har det formelle ansvaret for, men som me likevel brenn for. Ein ting er alle områda der det er plassert eit ansvar, men kva med det som skjer mellom dei ulike områda? Me treng areaner der me kan utvikla det som skjer i mellomrommet, og oppnå resultat som vil bety mykje for den det gjeld. På denne måten kan me byggja eit samfunn for alle.

Leiarane fekk også koma i gang med førebuingane til undersøkinga 10-faktor, som me skal i gang med over nyttår.

Trente på tydeleg leiing

Lars Skorpen og Liv Jorunn Solstad ​​​

Onsdag denne veka deltok 28 leiarar i kommunalavdeling helse og omsorg på ei tre-timars felles treningsøkt. Det sentrale læringsmålet var tydeleg kommunikasjon mellom leiar og grupper av tilsette.   

Med Lars Skorpen og Liv Jorunn Solstad fekk leiarane sjanse til å trena på akkurat dette. Lars Skorpen er filmskapar og  nyttar filmen som eksempel for kommunikasjon. Liv Jorun Solstad er samfunnsvitar og har jobba i mange år med medverknad og deltaking som leiartrening både individuelt og i gruppe. Saman har dei laga eit opplegg der dei kombinerer element frå filmskaping, leiaransvar og delegering.

Leiarane  jobba i grupper der dei øvde på førebuing, oppbygging og formidling. Liv Jorunn og Lars gav innspel til presentasjonane ut frå om bodskapen var truverdig, kva kjensler den skapte - og om oppbygginga var logisk og gav meining. Leiarane viste høg kompetanse og stort engasjement.  Leiarane fekk med seg konkrete reidskapar dei kan nytta i tre månader framover og evaluere nytten når dei møtes til våren 2023.

 Evalueringa av dagen viste at deltakarane vurderte opplegget til Lars og Liv Jorunn både nyttig og kjekt!