Eit aldersvenleg samfunn
Voss herad og eldrerådet inviterte innbyggjarane til ein engasjerande kveld om aldersvenlege samfunn – temakveld Planleggja litt, 25. mai.
Nesten 100 innbyggjarar fann vegen til Vossasalen den 25.mai. Innleiarar var Helsedirektoratet, Husbanken, Voss herad- planavdeling og avdeling for førebygging og rehabilitering, kulturavdelinga – samt Voss næringsråd. Alle innleiarane formidla kunnskap om kva som alt er av planar og tiltak for eit samfunn det er godt å vera eldre i. Det kom fram eit mangfald av synspunkt og idear på kva som skal til for å få eit godt seniorliv på Voss. Innspela vert lagt ut på nettsidene til heradet i nær framtid og er viktige innspel til alle aktørane som har eit felles ansvar.
Synfaring ungdomsskulen
Måndag var leiargruppa til rådmannen saman med ordføraren på synfaring i det nye bygget på Voss ungdomsskule. Bygget skal mellom anna husa ny idrettsfløy og spesialrom.
Det nye bygget skal mellom anna driftast av eigenprodusert straum frå solceller på taket. I tillegg til sjølve bygget, er det planlagt store oppgraderingar av uteområdet.
Det nye bygget er reist i massivtre, og konstruksjonen er synleg i store delar av bygget.
Leiarsamling
Sist fredag var alle leiarane i Voss herad på leiarsamling med Christine Meyer frå NHH. Meyer hadde foredrag om innvosjon og innovasjonskultur, og leia dagen med gruppearbeid med ulike oppgåver. Gruppene var samansett på tvers av avdelingar.
Bodskapen frå Meyer er at innovasjonskapasiteten i ein organisasjone er som ein muskel, og må trenast jamleg.
Miljøfyrtårn-diplom til fire vossabedrifter
Leiar for Utval for klima og miljø, Hilde Lussand Selheim (Sp), delte tysdag 6. juni ut Miljøfyrtårn-diplom til fire Vossabedrifter som har sertifisert seg som Miljøfyrtårn i løpet av 2023.
Miljøfyrtårn er den mest brukte sertifiseringsordninga for verksemder i Noreg som vil dokumentera miljøinnsatsen sin og visa samfunnsansvar.
-Det å verta sertifisert som Miljøfyrtårn viser at desse verksemdene har vilje til grøn omstilling og til reduksjon av eiga miljøbelasting. De har no fått på plass eit miljøleiingssystem som gjev dykk verktøya til korleis de skal få ned både miljøbelasting og klimaavtrykk, sa Lussand Selheim i talen sin til bedriftene.
Utvalsleiar peika vidare på at verksemdene vert meir konkurransedyktige ved å vera Miljøfyrtårn ettersom ordninga er anerkjent ved offentlege innkjøp og godkjent som miljødokumentasjon i anbodskonkurransar. Å ta vare på klima og miljø er også noko kundar i stadig større grad etterspør.
-Me er glade for kvar einaste vossabedrift som tar klima og miljø på alvor, og som arbeidar målretta for å få ned eiga miljøbelasting og klimaavtrykk. Det å verta sertifisert er flott og det ligg ein god innsats bak, men diplomet er inga sovepute, dette er berre byrjinga, avslutta utvalsleiar Lussand Selheim og oppmoda bedriftene om å hengja diplomet godt synleg slik at det minna dei om å ta val i kvardagen som gagnar klima og miljø.