Det foregår for tida ei historisk hending på Oppheim. Murarar frå Høyer Odda AS rekonstruerer den gamle steinkvelvingsbrua frå slutten av 1700-talet.
På grunn av tydelege setningsskader i steinbogen, måtte brua stengjast for trafikk for tre år sidan. I september i år starta restaureringsarbeidet.
Tidspunktet var valt utifrå tanken om at då skulle vassmengda i elva vera moderat. Murarane byrja med å merka og plukka ned brua før dei monterte den spesialbygde førskalinga og bygde opp igjen steinkvelvingsboga.
Dei har nytta all god stein og supplert med ny frå Granvin. Onsdag denne veka vart forskalinga fjerna, slik at boga sokk saman og gjekk i lås, truleg for eit par århundrer framover.
Arbeidet vil halda fram i nokre veker til, med å laga overmur og vegdekke og rekkverk av stabbesteinar. Brua som før var nokså gjengrodd og usynleg, er no i ferd med å verta eit smykke i landskapet.
Bømoplanen er vedtatt
Torsdag vedtok heradsstyret områdereguleringsplan for Bømoen.
Dersom vil sjå kva fleirtalet i heradsstyret vedtok, kan du klikka deg inn her: Merk at dette ikkje er protokollen som også viser andre forslag som vart fremja, men rådmannen si innstilling som fleirtalet også stilte seg bak. Protokollen er ikkje klar i skrivande stund. Områdereguleringsplan for Bømoen-planid 2023003-plan til godkjenning
Kriseøving
Denne tysdagen var det stor samvirkeøving på Voss. Mannskap frå Voss herad, politi, brannvern, sjukehus, ambulanse, legevakt og frivillige øvde saman ein heil dag. Same øving skjer måndag, men då med nye folk frå dei ulike etatane. Derfor kan me ikkje fortelja mange detaljar, men det handlar om brann og evakuering.
Øvinga var svært nyttig for å at dei ulike aktørane kunne trena i lag, verta betre kjent med kvarandre og testa korleis beredskapsplanane fungerer.
Resultatet etter øvinga tysdag er at samvirkeaktørane jobbar godt saman og at planverket fungerer godt. Sjølvsagt med læringspunkt, som er viktig å finna gjennom ei øving.
Kompetansekartlegging
HVK Studiesenter (via Hardanger og Voss Næringshage) gjennomførte i haust ein kompetansekartlegging i regi av Opinion. Heile 258 bedrifter har svara på undersøkinga, og Opinion er særs nøgd med svarprosenten.
Dei tre viktigaste funna:
- Over halvparten av verksemdene i regionen slit med tilgang på kvalifisert arbeidskraft
- Ein tredel har behov for kompetanseheving for alle sine tilsette
- Digitale verktøy og tenester skil seg ut som ettertrakta kompetanse på tvers av bransjar
Kva skjer vidare no?
Den opprinnelege prosjektperioden for Utdanningsprosjektet var frå 2022-2024. Ein går no over til ein ny prosjektperiode der ein vil utarbeida ein langsiktig strategi for HVK Studiesenter. Her vil kommunane bli påkopla etterkvart.
Funna i kartlegginga vil verta brukt til å utarbeida framtidige utdanningstilbod.