Dei aller fleste smittetilfella som er kome denne veka har me spora attende til same smitte som førte til at to legekontor vart stengde fredag 13. november. Då innførte Voss herad også dei tre tiltaka som no varer til og med måndag 23. november, som tidlegare meldt.
Konsekvensane denne veka er størst for Voss ungdomsskule, som no har smitta elevar i fire klassar. Desse klassane er både i 8., 9. og 10. trinn, og det er svært mange elevar og tilsette som er nærkontaktar. Skulen prøver å informera gjennom sine kanalar samtidig som smittesporingsteamet ringjer alle.
Eg oppmodar alle om å fylgja med både på nett og facebook, me oppdaterer jamt der.
Ta vare på kvarandre og hugs det grunnleggjande smittevernet. Med ynskje om ei god helg.