Skatteinntekter etter november, 2020

Skatteinntektene for november 2020 er 8,4 mill.kr lågare enn november 2019. Dette er ein vesentleg nedgang frå i fjor, og heng truleg saman med koronapandemien. Men samla sett, er ikkje skatteinngangen så verst. 

Med vesentleg lågare skatt i november i år enn i fjor, ser me at næringslivet på Voss er sårbart, og den økonomiske situasjonen for innbyggjarar og skatteinntektene til kommunen kan endra seg raskt.

Voss hadde heldigvis ein god skatteinngang fram til og med juli, og det var høg aktivitet på Voss i feriemånadane. Denne perioden var skatteinngangen noko høgare enn budsjett. Ved 1.tertial reduserte me likevel skattebudsjettet med 11 mill.kr då det var venta lågare inntekter på grunn av koronapandemien. Det gjer at me samla sett for året til og med november, ligg ca 4 mill.kr over det reviderte budsjett.