
No skal me finne ut korleis dette kan fungere på Voss, og kva som trengst for å få det til dei neste åra. Me håpar å få med både fagfolk, politikarar og innbyggjarar på laget. Dette er eit viktig steg mot eit meir inkluderande Voss.
Dersom me jobbar saman, er sjansen større for at alle kan bu trygt og stabilt. Kommunen ser etter samarbeidspartnarar og private utleigarar som ynskjer å vera med på å skapa eit inkluderande samfunn.
– Grunntanken er enkel: folk treng ein trygg og stabil bustad før dei kan ta tak i andre utfordringar i livet. Det handlar om å møta folk med respekt og gje dei ein god start, seier prosjektgruppa.
Visjonen for prosjektet er klar:
I 2035 har me skapt eit inkluderande samfunn der alle har ein trygg og varig heim – uavhengig av livssituasjon eller bakgrunn. Me har fått det til gjennom Housing First, som set menneske og bustad først.
Prosjektet er forankra i Voss herad sin bustadsosiale handlingsplan og rusmiddelpolitiske handlingsplan, og er ein del av ei større satsing på førebygging, tryggleik og sosial rettferd.
Housing First inneber at bustad kjem først – ikkje som belønning, men som grunnlag for endring. I staden for å krevje at folk må "gjere seg klare" for bustad gjennom ulike tiltak, får dei først ein trygg og stabil bustad – og deretter tilpassa oppfølging.
#Inkluderande Voss