DPIA (Personvernkonsekvensanalyse)

Dette er ei vurdering av personvernkonsekvensane for dei som er registrerte i Voss herad sine system og arbeidsprosessar som skal sikra at personvernet til den einskilde vert ivareteke. 

Før oppstart av tiltak som omhandlar behandling av personopplysningar og ved større endringar av pågåande tiltak, skal Voss herad vurdera om tiltaket fører til stor risiko for personvernet. I denne samanheng betyr tiltak alle nye tenester, saksbehandlingsprosessar, IKT-løysingar, informasjonsaktivitetar, analysar av personopplysningar og andre aktivitetar som fører til behandling av personopplysningar

Her kan du lesa meir om DPIA på Datatilsynet sine heimesider. 

Her kan du sjå ein video som forklarar litt meir om kva ein DPIA er.

Voss herad har ein eigen mal for gjennomføring av DPIA, som du finn her (DOCX, 221 kB).

Før gjennomføring av DPIA skal personvernrådgjevar rådførast. Om du ynskjer meir informasjon eller om du vil avtala tid for gjennomføring kan du senda ein e-post til personvern@voss.herad.no  

Kontakt

Personvern i Voss herad
E-post
Telefon 56 51 94 00

Postadresse: 

Voss herad
Postboks 145,
5701 Voss

E-post: personvern@voss.herad.no