Ledige stillingar

Takk for at du viser interesse for å søkja ledig stilling i Voss herad.

1.desember 2022 fekk Voss herad nytt rekrutteringssystem, Easycruit. Det inneber at dersom du har søkt og hatt konto hjå oss før, må du no laga deg ein ny konto. CV og eventuelt andre vedlegg du har lagt inn i det førre systemet vil ikkje ligga i det nye systemet, og du må altså legga dette inn på nytt.

Sjå stillingsutlysingar og søk via rekrutteringssystemet Easycruit. Når du kjem inn på sida for stillingar: Klikk på utlysingstittelen for å lesa heile utlysingsteksten.

Sjå ledige stillingar i Voss herad
 


Me lyser nokon stillingar internt. Her er det berre tilsette i Voss herad som kan søkja. 

Sjå interne lysingar i Voss herad


I tillegg til dei ledige stillingane våre i Easycruit kan ein også søkja for å bli tilkallingsvikar, støttekontakt eller privat avlastar i Voss herad.

Tilkallingsvikar

Ynskjer du å stå på liste over tilkallingsvikarar i helse og omsorg eller oppvekst? Lenkje til søknadskjema finn du her
 

Støttekontakt

Har du litt tid til overs? Ynskjer du å gjera ein forskjell? Vil du bidra til auka livskvalitet for nokon som treng deg? Me treng alle typar støttekontaktar.

Bli støttekontakt

Privat avlastar

Vil du gjera ein stor forskjell for nokon? Er du god på å skape relasjonar og ynskjer å opne heimen din for andre? Bli privat avlastar for born og unge som har nedsett funksjonsevne!

Bli privat avlastar

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål eller utfordring med utfyllinga, ta kontakt med oppførte under "Kontakter" i den stillinga du søkjer.


Me gjer merksam på at

  • Inaktivitet i meir enn 20 minutt fører automatisk til utlogging. Søknadsprosessen bør difor fullførast.
  • Det er høve til å lima inn tekst i søknadsbilete frå andre program, til dømes Word
  • Opplysningane du registrerar inn på den søknaden vil verta liggjande i vår database slik at desse kan nyttast ved seinare høve.