Bli privat avlastar

Vil du gjera ein stor forskjell for nokon?
Er du god på å skape relasjonar og ynskjer å opne heimen din for andre?
Bli privat avlastar for born og unge som har nedsett funksjonsevne!

Som privat avlastar opnar du opp heimen din for eit born som har behov for tryggleik, stabilitet og omsorg. Dette gjev pårørande rom for kvile og fritid.

Privat avlasting er eit kommunalt tilbod om pårørandestøtte.

Løn

Du vert løna i tråd med vedtak som er fatta ut frå pårørande sitt behov for avlastning. Behovet kan variera mellom enkeltdagar, føremiddag/ettermiddag, helgeavlastning eller kortare dagar.

Kr. 101,- pr. time

I tillegg får du dekt utgifter for barnet:

  • Kr. 233,- per døgn for born under 10 år
  • Kr. 306,- per døgn for born over 10 år

Ta kontakt for ein uforpliktande samtale dersom dette kan vera noko for deg!

Kontakt

Villa Gjerdebu
Ringheimsvegen 212, 5710 Skulestadmo
E-post
Telefon 97 05 03 63

Opningstider: Redusert drift jul, nyttår og påske, samt delar av sommaren.