Aktivt landbruk og gode tenester.

I denne teksten finn de svaret mitt på eit grunngjeve spørsmål i heradsstyret. Spørsmålet handlar om Voss herad sine reglar for å gje uløna permisjon i samband med lembing. Eit viktig spørsmål for Voss herad, både fordi me er ei stor landbruksbygd, men òg viktig fordi me vil levera gode tenester. Spørsmålet vart stilt av Hilde Lussand Selheim og Anita Jordalen.

Spørsmålet handlar om reglar for permisjon utan løn og regelverk for det med fokus på bønder og deira trong for å stilla opp under lembing. Det vert vist til eit konkret døme, men det er definitivt eit spørsmål av generell karakter knytt opp til overordna permisjonsreglement for Voss herad og sjølvsagt kopla til at landbruket er ei stor og viktig næring for Voss herad.

Reglementet vart vedteke av administrasjonsutvalet. Reglementet ligg tilgjengeleg på Voss herad sine nettsider. Voss herad har ingen særskilde reglar for tilsette som er deltidsbonde og som har trong for permisjon, td i samband med lembing. Reglementet har ein generell regel med følgjande ordlyd: «Uløna permisjon blir som hovudregel gitt når viktige velferdsgrunnar ligg til grunn og drifta tillet det».

Regelen har ein positiv inngang, nemleg at hovudregelen er ja, men då med eit viktig unntak, nemleg at drifta tillet det.

Og, her er me med kjernen av spørsmålet, nemleg den vurderinga som skal og må gjerast når det kjem søknad om permisjon. På spørsmålet om lembing og om dette er grunn god nok, vil eg meine at svaret er ja.

Deretter kjem neste spørsmål, får me det til? Har vedkomande ei stilling som gjer at dette går fint utan at det får uønska konsekvensar for drifta vår? Dei spørsmåla må og stillast, vurderast og svarast på.

 

I nokre tilfelle kan dette vera enkelt. Kanskje er det på arbeidsplassen tilsette som ikkje har full stilling som kan steppa inn i ein periode, kanskje er det god tilgang på vikarar eller jobben er av ein slik karakter at dette let seg gjera. Då vil svaret vera ja til permisjon. I andre tilfelle kan det vera motsett, då kan svaret vera nei. Omsynet til brukarane må vega tungt i denne vurderinga, til dømes stabilitet i ein klasse, eller ei gruppe eller for enkeltbrukarar, eller om tilgjengeleg vikarar har relevant kompetanse.

Eg trur alle forstår at noko som alle meiner burde vore lett av og til kan vera vanskeleg, og då er det viktig at det kjem eit signal frå oss politikarar. Frå meg vil eg gje det signalet at Voss herad strekkjer seg så langt som råd for å få til uløna permisjonar i samband med lembing, nettopp for i sikra dei store interessene me har som landbruksbygd. Det vil i praksis seie at ein gjer eit ærleg forsøk på å få dette til. Det må vera inngangen for Voss herad som arbeidsgjevar. Frå arbeidstakar er det viktig å bidra, td med å senda inn søknad i god tid, koma med innspel til korleis vedkomande kan erstattast og å ha forståing for at svaret på ein slik søknad kan variera frå år til år og frå stilling til stilling etter ei konkret vurdering.

Oppsummert: Det kan vera situasjonar der permisjon er vanskeleg å gje, og der vikar ikkje er tilgjengeleg, men dersom alternativa er anten å missa ein tilsett, eller at gardsdrifta vert lagt ned, så er det motivasjon for at heradet strekkjer seg så langt som praktisk råd. Så eg ønskjer meg både eit aktivt landbruk på Voss og gode tenester og me må strekka oss langt for å nå desse to måla på same tid.