Den lokale skaparkrafta

I desse dagar er det to parallelle prosjekt på gang i Voss herad der grunnmuren for det heile er lokalt initiativ og samarbeid. På Evanger vert sentrumområdet no forma slik innbyggjarane på Evanger vil ha det, og på Prestegardslandet er straks Voss aktivitetspark ferdig.

  Evanger stadskaping    

Det unika med begge desse to prosjekta er at hovudaktørane er initiativtakarane. Dei som vil noko og som har trua på prosjektet sitt. Dei veit godt at dei kjem ikkje i mål heilt åleine, men dei veit at dei har eit godt prosjekt til det beste for plassen dei bur på og heradet dei er ein del av. Det er eit bra utgangspunkt for å få hjelp og støtte hjå andre.

Voss aktivitetsparkDette har me sett gong på gong i Voss herad. Lokale krefter, med nokre eldsjeler i spissen, startar prosessen som endar med eit betre lokalsamfunn og eit  rikare herad.

Prosjekta på Evanger og Prestegardslandet viser kva som er mogleg å få til. Begge plassar er det noko stort på gang. Det er ikkje få som skal innom for å vurdera regulering, for å bidra til finansiering  eller for å dra det heile i land. Det er to store prosjekt, der nettopp det å få det gjennomført er den store oppgåva. Då er det ekstra stas å sjå at begge straks er i mål.

Sjølv om Voss herad er med, er me hjelpemotoren i slike prosjekt. Å ta ei rolla som hjelpemotor for Voss herad meiner eg er heilt rett. Me får enormt att når me spelar på lag med lokalt initiativ og frivillige lag og organisasjonar. I løpet av våren vert det to offisielle opningar, ein på Evanger og ein Prestegardslandet. Me har verkeleg noko å gleda oss til!