Evanger skule

Visjon - Evanger skule ein god stad å læra og ein god stad å vera.

Evanger skule er ein barneskule som ligg 20 kilometer vest for Voss sentrum, og har omlag 45 elevar og 10 tilsette. Skulen er plassert i sentrum av Evanger, og utgjer eit møtepunkt på Evanger.

Skulen arbeider kontinuerleg i ein utviklingsprosess der skulemiljø er fokus, og skulen legg opp til ulike aktivitetar på tvers av klassetrinna. Mellom anna reiser heile skulen på symjing ein gong i veka og det er fellesansvar knytt til fadderordninga ved skulen. Skulen har eit utområde som byr på ulik aktivitet og leik, samstundes nyttar skulen godt av nærområdet.

Satsingsområde i Vossaskulen

Vossaskulen arbeidar kontinuerleg med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for elevane våre. Inneverande skuleår arbeidar me spesielt med læringsleiing, skulenærvær og å vera dysleksivennlege skular. 

Evanger skule tilbyr leksehjelp for elevar på 2.-4.trinn.

 

Opningstid SFO Evanger skule

Opningstid SFO Evanger skule
Før skuletidEtter skuletidSkuletidKjernetid/12 timar gratis SFO for 1. - 3. klasse
07:30 – 08:0013:40 – 16:1508:15 – 13:4007:30 - 08:00 13:40 - 16:15