Gullfjordungen skule er ein barneskule som ligg eit par kilometer vest for Voss sentrum, og har omlag 120 elevar og kring 20 tilsette. Skulen er plassert på solrike Finne, og har eit trygt uteområde med framifrå utsikt over Vangsvatnet.
Skulen har dei siste åra bygd seg opp mykje kompetanse innan STL+ (skrive seg til lesing), og har stort fokus på variasjon av undervisingsformer og stasjonar i undervisinga. Det vert prioritert arbeid med praktiskestetiske fag, musikk og framsyningar, samt vert mykje av undervisinga lagt utandørs i form av faste turdagar, gardsopplevingar, uteskule, osb.
Satsingsområder i Vossaskulen
Vossaskulen arbeidar kontinuerlig med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for brukarane våre.
Skulane i Voss herad arbeidar no med implementering av ny læreplan. Eit anna hovudsatsingsområde er digitalisering. Målsetjinga vår er at me innan 2021 skal ha 1:1-dekning med læringsbrett eller PC til alle elevar i Voss herad etter oppsett plan.
Gullfjordungen skule tilbyr leksehjelp for elevar på 2.-4.trinn.
Informasjon kring SFO
For informasjon om SFO, og for å søkje plass, trykk her.