Vangen skule

Visjon - Trivnad, tryggleik og læring i eit kreativt miljø.

vangenskule - Klikk for stort bilete

Vangen skule er ein barneskule som er lokalisert i sentrum av Vossevangen, med omlag 240 elevar og 55 tilsette. Skulen ligg midt i sentrum i ei av bygda sine grøne lunger, med kort veg til Prestegardsmoen og Vangsvatnet.

Som heradet sin største 1.-7.trinnsskule, jobbar ein kontinuerlig med korleis nå elevar med tilpassa undervisning. Skulen har eit flott uteområde der det er lagt til rette for aktivitetar av ulikt formål: klatreløype, husker, kunstgrasbane og sklier. 

Skulen har innføringsklasse for minoritetsspråklege elevar på 1. - 7.trinn. Innføringsklassen er eit tilbod til elevar som nyleg har kome til Noreg og som har behov for særskild opplæring i norsk.

Satsingsområde i Vossaskulen

Vossaskulen arbeidar kontinuerleg med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for elevane våre. Inneverande skuleår arbeidar me spesielt med læringsleiing, skulenærvær og å vera dysleksivennlege skular.