StøttekontaktStøttekontakt er eit tilbod for deg som treng støtte til å ha ein aktiv og sosial fritid. Tilbodet er for personar som på grunn av alder, nedsett funksjonsevne eller sosiale utfordringar står i fare for å bli isolerte.Kva gjer ein støttekontakt?Ein støttekontakt kan:besøka deg heimevera med deg på aktivitetar som kino, kafé, turar eller arrangementhjelpa deg med å delta i sosiale fellesskapTilbodet er vanlegvis på 1–3 timar i veka, og alle støttekontaktar har teieplikt.Kva kostar det?Tenesta er gratis, men du må sjølv betala for eigne utgifter til aktivitetar (t.d. kinobillett, mat på kafé).Typar støttekontakt-tenesterStøttekontakten kan organiserast på ulike måtar:Individuell støttekontakt / treningskontaktDu får ein fast person som du møter jamleg.Deltaking i aktivitetsgruppeDu deltek i ei gruppe saman med andre, med støtte frå ein tilsett eller frivillig.Individuelt tilbod i samarbeid med frivillig organisasjonDu får eit tilbod tilpassa deg, i samarbeid med ein frivillig organisasjon.Kven kan få støttekontakt?Du kan få støttekontakt dersom du:har ei funksjonsnedsettinger eldre og kjenner deg isolerthar sosiale utfordringar og treng hjelp til å delta i fritidsaktivitetarMe vurderer saman med deg om støttekontakt er det rette tilbodet, eller om andre tenester kan passe betre.Slik søkjer duDu finn informasjon om korleis du søkjer her:Søk helse- og omsorgstenesterLover og reglarStøttekontakt er ei lovpålagd teneste.Helse- og omsorgstjenesteloven §3-2, fyrste ledd nr.6 bokstav b. PasientrettigheitslovenLov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester (Helse- og omsorgstjenesteloven) Har du litt tid til overs? Vil du bidra til auka livskvalitet for nokon som treng deg? Å vera støttekontakt er eit gjevande oppdrag, og fint å ha med seg på CV-en. Ta kontakt på telefon 918 74 219 for ein uforpliktande samtale!Meir informasjon finn du her:Bli støttekontakt