Korona

Koronatesting skjer kun på medisinsk indikasjon hjå fastlege eller legevakt.

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår at fylgjande bør ta ei ny oppfriskingsdose med koronavaksine før haust/vintersesong 2023/24:

  • 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar.
  • 18-64 år som inngår i ei risikogruppe.
  • 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.
  • born 6 månadar–11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderer dette som viktig.
  • gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdomar som gjev ytterlegare auka risiko. ​​​​​​

Ting time:

APOTEK 1 VANGSGATA tlf. 565 30 440

VITUSAPOTEK VOSSEVANGEN tlf. 565 30 777

For vaksinasjon hjå fastlege, ta kontakt med ditt legekontor.

Kontakt Helsestasjonen for å avtale time til vaksinasjon av born under 16 år på tlf. 56 53 30 40

Samtykke frå føresette skal føreligge ved vaksinasjon. Begge føresette skal samtykke digitalt eller fylle ut samtykkeskjema (PDF, 46 kB).

Les om tilrådingar og tilbod om koronavaksinasjon for born og unge på FHI sine nettsider

Nasjonale råd og retningsliner

Voss herad har sidan koronautbrotet i mars fylgd dei råd og retningsliner som kjem frå nasjonale helsestyresmakter. Det betyr at det ikkje er innført strengare retningsliner enn det som er skissert frå FHI og Helsedirektoratet.