DagaktivitetstilbodTenesta inneber aktivitetar som handarbeid, baking, turgåing, gruppetrim, hagearbeid, høgtlesing, sosial prat med meir. Aktivitetane skal bidra til auka meistring, tryggleik, sosialt samkvem og avlasting for pårørande som står i krevjande omsorgsoppgåver.Dagaktivitetstilbod for seniorarStad: Hagahaugen, Vossestrand omsorgstun eller Granvin sjukeheim.Tenesta på Hagahaugen inneber også gruppetrening med styrke- og balanseøvingar. Dette kan bidra til å førebyggja fall, og til å meistra daglege aktivitetar betre. Dagaktivitetstilbod for personar med demensStad: Voss sjukeheim (dagtid) eller Hagahaugen (ettermiddag). Tenesta kan gje tryggleik og faste rutinar i kvardagen, og skal bidra til ein meiningsfull kvardag. Pris Dagaktivitetstilbod Teneste 2024 Dagaktivitetstilbod 165 kr/dag Søk helse- og omsorgstenester Lover og reglarDagtilbod er ikkje ei lovpålagt teneste, men kan ytast for å dekkja eit hjelpebehov som gjev rett til tenester etter lov om sosiale tenester i NAV. Sjå blant anna sosialtenesteloven §12.Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Sosialtenesteloven Forskrift om eigenandel for helse- og omsorgstenester