Granvin sjukeheim og omsorgsbustadar

Sjukeheimen ligg omkransa av den nydelege Mælandshagen som i si tid var tilhøyrande Mælands Hotell, med fin utsikt over Granvinsfjorden. Det er flotte turmoglegheiter i uteområdet og me har el-sykkel med god plass til passasjer. Alle måltid vert tilberedt på vårt eige produksjonskjøken og gjerne av lokalmat.

Open besøkstid

Eidesvegen 24
5736 Granvin
Telefon: 40 40 38 81

Me har ei avdeling med plass til 11 bebuarar og 20 omsorgsbustadar med og utan bemanning. Hjå oss kan du bu anten du har behov for helse- og omsorgstenester heile døgnet i ein begrensa periode, eller tidsubegrensa periode. Meir informasjon om korttids- og langtidsopphald finn du her.

Tilbod for bebuarar

  • el-sykkel
  • kulturelle aktivitetar
  • eigen frisørsalong (ope kvar måndag)
  • fotterapeut
  • kantine i Mælandshagen
  • dagaktivitetstilbod (for heimebuande to dagar i veka i kantina)
  • middag levert heim (for heimebuande)
  • prest

Prisar for mat på Granvin sjukeheim

Prisar for mat på Granvin sjukeheim
Mat Pris for 2024
Lunch 35 kr/eining
Frukost/Kvelds 57 kr/eining
Full pensjon 193 kr/eining
Middag til heimebuande 106 kr/eining
Graut til heimebuande 57 kr/eining