Dagaktivitetstilbod

Tenesta inneber aktivitetar som handarbeid, baking, turgåing, gruppetrim, hagearbeid, høgtlesing, sosial prat med meir. Aktivitetane skal bidra til auka meistring, tryggleik, sosialt samkvem og avlasting for pårørande som står i krevjande omsorgsoppgåver.

Dagaktivitetstilbod for seniorar

Stad: Hagahaugen, Vossestrand omsorgstun eller Granvin sjukeheim.

Tenesta på Hagahaugen inneber også gruppetrening med styrke- og balanseøvingar. Dette kan bidra til å førebyggja fall, og til å meistra daglege aktivitetar betre. 

Dagaktivitetstilbod for personar med demens

Stad: Voss sjukeheim (dagtid) eller Hagahaugen (ettermiddag). 

Tenesta kan gje tryggleik og faste rutinar i kvardagen, og skal bidra til ein meiningsfull kvardag.

Pris Dagaktivitetstilbod
Teneste 2024
Dagaktivitetstilbod 165 kr/dag

Søk helse- og omsorgstenester 

Lover og reglar

Dagtilbod er ikkje ei lovpålagt teneste, men kan ytast for å dekkja eit hjelpebehov som gjev rett til tenester etter lov om sosiale tenester i NAV. Sjå blant anna sosialtenesteloven §12.

Kontakt

Dagaktivitetstilbod

for seniorar:
Hagahaugen: 418 63 044

Granvin sjukeheim:  40 40 38 81

Vossestrand omsorgssenter: 56 52 90 60

for personar med demens:

Voss sjukeheim: 417 04 899

Hagahaugen ettermiddag: 915 93 227