Tobakksfri (røyke-/snusslutt)

Kurset «Tobakksfri»

 Dette er eit sluttekurs for deg som ynskjer å verta røyk- eller snusfri saman med andre.

Kurset er utvikla av Helsedirektoratet, og er basert på forskning og erfaring.

 

Kurset passar for deg som ynskjer:

  • Å dela erfaringar med andre
  • Praktiske og mentale førebuingar til å slutte med tobakk
  • Effektive tiltak for å handtera snus-/røykesug
  • Støtte og oppmuntring frå andre i same situasjon
  • Strategiar for å halda deg snus- /røykfri

 

Innhald: 
Kurset består av seks digitale samlingar. Dei tre fyrste samlingane handlar om førebuing til å slutte; mentalt og praktisk. Sluttedagen vert midt i kursrekkja.  Dei neste møta gjev oppfølging, motivasjon og støtte til å halda deg tobakksfri.

 

Ein starter med ein individuell helsesamtale, og påmelding til kurset skjer etter denne.  

 

Kurset er digitalt, og i samarbeid med andre Frisklivssentralar i Vestland.