Forvaltningskontoret og koordinerande einingKoordinerande eining bidreg til å sikra heilskaplege og koordinerte tenester til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar, i tråd med lov og forskrift. Koordinerande eining har oversyn over det kommunale habiliterings- og rehabiliteringstilbodet og kan hjelpa deg med informasjon, og/eller samordne hjelpetiltak. Eininga har eit overordna ansvar for individuell plan og koordinator. Ansvaret gjeld alle brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte tenester. Koordinator/Barnekoordinator Koordinator Koordinator bidreg til samordning av tenestetilbodet, innkalling til ansvarsgruppemøter og framdrift i Individuell plan. Koordinator vert oppnemnt av koordinerande eining i samråd med deg. Koordinator og barnekoordinator skal vere ein kommunal tenesteytar blant dei tenestene du allereie har. Barnekoordinator Eit tilbod til familie/fosterfamilie som har eller ventar born med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, som har behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og velferdstenester. Barnekoordinator samla og koordinera dei ulike tenestene kring barnet ditt. Slik søkjer du Vilkåra for å få tildelt alminneleg koordinator/barnekoordinator er at innbyggar har behov for langvarige og samansette tenester frå heradet sine helse og omsorgstenester, eller frå spesialisthelsetenesta. Søk barnekoordinator/koordinator her: Søknadsskjema for helse-og omsorgstenester Individuell plan Ein individuell plan er eit samhandlingsverktøy mellom deg og tenesteapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane. Den digitale løysinga for Individuell plan har same type pålogging som ein nyttar til nettbank, og er like trygg. Alle som har tilgang til digital Individuell plan får grunnopplæring i dette. Søk individuell plan her: Søknadsskjema for helse-og omsorgstenester Klage Tilsegn, samtykkje eller avslag på individuell plan vert ikkje rekna som enkeltvedtak. Du kan likevel klage på avslag om individuell plan etter lova om brukar- og pasientrettar § 7-2. Avgjerd om oppnemning av koordinator vert ikkje rekna som enkeltvedtak. Retten til å klage etter lova om brukar- og pasientrettar omfattar ikkje oppnemning av koordinator. Lover og reglar Forskrift om individuell plan i arbeids- og velferdsforvaltningen heimla i: Lov om arbeids- og velferdsforvaltningen § 15 (NAV-loven) Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 28 og § 33 Lov om barneverntjenester § 3-2 a Lov om kommunale krisesentertilbud § 4 Retten til barnekoordinator er lovpålagt i helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2a. Plikten til å samarbeide mellom tjenestene er i tillegg lovpålagt i mange lover. Se: Tannhelsetjenesteloven § 1-4a Barnevernloven § 3-2 og 3-2a Familievernkontorloven § 1a Opplæringsloven § 4A-14 og § 15-8 Privatskoleloven § 3-6a Spesialisthelsetjenesteloven §2-1e og § 2-5a Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5c Barnehageloven § 2b Nav-loven § 15a Krisesenterloven § 4 Sosialtjenesteloven § 13 Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-4 og 7-2a Integreringsloven § 50 Nyttige lenkjerIndividuell plan og koordinator - HelsedirektoratetBarnekoordinator - Helsedirektoratet