Miljøterapi rus

KORT FORTALT

Miljøterapi rus er eit tilbod for deg som har problematisk bruk av alkohol, illegale rusmidlar og/eller føreskrivne medikament.

Du treng ikkje tilvising frå fastlege for å ta kontakt med oss. Pårørande kan også ta kontakt.

Me tilbyr individuelle samtalar for støtte og motivasjon for å redusera og/eller slutta med rusmidlar. Oppfylginga kan gå føre seg i heimen eller på tenestestad, i gruppetilbod eller treningstilbod. I tillegg kan me tilby fylgje til NAV, helsetenester og anna. Det er eit krav at du må ynskja hjelp og/eller vera villig til å ha kontakt med tenesta.

Søk helse- og omsorgstenester 

Kontakt

Avdeling for psykisk helse og rus
Telefon 48 01 45 70

(Ope alle dagar kl. 08-21)

Adresse
Knutepunktet Voss
Gurid Almenningens plass 1
5704 Voss