Nyhagen aktivitetssenter

Me har arbeids- og aktivitetstilbod for deg med funksjonsnedsetting. 

Me held til både i Bordalen og på Lundhaugen, og samarbeidar med Inn på tunet i Granvin. Aktivitetane vert tilpassa for deg og har fokus på deltaking og meistring. Til dømes kan du få produsera gjenstandar som varmeposar, bileter, såper, osv. som me sel.

Du kan koma til oss alt frå ein til fem dagar i veka, etter kva du har fått tildelt. 

Kven kan søkja?

Du som har fysisk og/eller psykisk funksjonsnedsetting og ikkje får dekt dine behov for dagleg aktivitet utan bistand frå andre.

Søk helse- og omsorgstenester 

Lover og reglar

Dagaktivitetstilbodet er ei ikkje-lovpålagd teneste, men heradet har likevel ei plikt til å tilby ein arena der ein får dekka behov som er beskrive i Helse og omsorgstenestelova § 1-1, §3-1-2.

Forskrifter

Forskrift om eigenandel for helse- og omsorgstenester 

 

 

 

Kontakt

Nyhagen aktivitetssenter

Bjørnshovden 19
5708 Voss

Telefon
992 07 125
Opningstid
Mån - fre kl. 8-15:30