Søk helse- og omsorgstenester

Framgangsmåte og søknadsskjema for å søkja om helse- og omsorgstenester.

Kriteria

Tildelingskriteriane for helse- og omsorgstenester (PDF, 464 kB)

Slik søkjer du

Søk helse- og omsorgstenester digitalt 

Søk helse- og omsorgstenester per post 

Søkje på vegne av andre

Andre kan søkja for deg om du ikkje er i stand til å søkja sjølv. Legg då ved fullmaktskjemaet i søknaden.

 Fullmaktskjema til å søkje på mine vegner (PDF, 19 kB)

Dette skjer etter at du har søkt

Voss herad innhentar informasjon frå andre involverte instansar. 

Heradet kartleggjer behovet ditt og vurderer i dialog med deg kva tenester som kan passa.  Du vert kontakta for å avtala eit heimebesøk dersom det vert vurdert som naudsynt i kartlegginga.

Du har rett til eit vedtak i posten/digitalt innan fire veker. Dersom du ikkje får svar innan fire veker, vil du få eit foreløpig svar med orientering om når det er forventa å få svar. 

Klage på vedtaket

Du kan klaga på vedtaket innan fire veker etter at du mottok vedtaket. Klagen skal innehalda grunngjeving for klage og eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon. I vedtaket står informasjon om korleis du klagar og klagefrist. Andre kan etter fullmakt klaga for deg. Dersom avgjersla vert opprettheldt, vert klagen handsama av Fylkesmannen (lovpålagde tenester) eller heradet si klagenemnd (ikkje lovpålagde tenester).

Spørsmål eller rettleiing?

Har du spørsmål eller treng rettleiing kan du kontakta Forvaltningskontoret eller ei helse- og omsorgsavdeling.

 

Kontakt

Forvaltningskontoret og koordinerande eining
Kvardagar kl. 09-15
E-post
Telefon 56 52 13 00

565 213 04

Adresse: Voss tinghus
Uttrågata 9, Postboks 145
5704 Voss