Hukommelsesteam

Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod. Det vil seia at det ikkje er nødvendig med legeerklæring eller søknad for å ta kontakt og tilbodet er gratis.

Kven er me?

Hukommelsesteamet består av demenskoordinator, ergoterapeut og sjukepleiar som har lang erfaring innan demensomsorg.

Kva kan Hukommelsesteamet hjelpa med?

  • Samarbeida med fastlege ved behov for basaldemens utgreiing. Lege set alltid diagnose.
  • Kartlegge symptom og utfordringar knytt til hukommelsesvanskar, som regel i heimen til personen som har demens.
  • Etter diagnose er sett, kan teamet fylgja opp personar som har demens og deira pårørande.

Hukommelsesteamet fylgjer nasjonalfagleg retningslinje for demens og nyttar nasjonale kartleggingsverktøy.

Kven kan få hjelp?

Personar som har demens, pårørande eller andre personar ein mistenker har demens.

 

Kontakt

Hukommelsesteam
Måndag – fredag kl. 09.00-14.00, Onsdag: 16.00-20.00

Kontorstad: Hagahaugen, Hagahaugvegen 30

Demenskoordinator: 91874206

Ergoterapeut: 417 04 912