KORT FORTALT

Praktisk bistand er tenester til deg som på grunn av alder, sjukdom, funksjonsnedsetting eller anna treng hjelp til nødvendige daglege gjeremål.
Heimehjelpa kan utføra praktiske oppgåver som reingjering, klesvask og sengetøyskift. I tillegg kan du få råd, rettleiing og opplæring for at du skal klare deg best mogleg heime.