Psykisk helseteneste

Treng du nokon å snakka med?

Psykisk helseteneste er eit tilbod til deg som har det vanskeleg psykisk - anten det er noko som har kome brått på, eller noko du har streva med over tid. 

Du treng ikkje tilvising frå fastlegen for å ta kontakt. 

Ring oss på telefon 48 01 45 70 

Pårørande kan også ta kontakt med oss.

Når bør du ta kontakt?

Ta kontakt dersom du:

  • Kjenner deg nedstemt eller deprimert
  • Har angst eller uro
  • Har tankar om sjølvskading eller sjølvmord
  • Opplever ei livskrise eller andre psykisk utfordringar

Kva hjelp kan du få?

Me kan hjelpe deg og/eller dine pårørande med:

  • Samtalar - heime hjå deg eller på kontoret vårt
  • Råd og rettleiing
  • Sosiale og gruppebaserte aktivitetar

Me er her for å støtte deg i kvardagen og hjelpa deg med å finne løysingar som passar for deg.

Slik søkjer du

For å få hjelp må du:

  • ynskje hjelp, og
  • vera villig til å ha kontakt med tenesta

Du kan søkje om hjelp via skjemaet for helse- og omsorgstenester:

Søk helse- og omsorgstenester 

Kontakt

Avdeling for psykisk helse og rus
Telefon 48 01 45 70

(Ope alle dagar kl. 08-21)

Adresse
Knutepunktet Voss
Gurid Almenningens plass 1
5704 Voss