Døgnrehabilitering

Eit tilbod for deg som treng støtte til å meistre kvardagen betre.

Kva er døgnrehabilitering?

På Hagahaugen får du hjelp til å trena opp funksjonsevna di, slik at du kan delta meir aktivt i kvardagen, arbeidslivet og samfunnet. Tilbodet vert tilpassa deg og dine behov.

Saman lagar me ein plan og set mål for opphaldet ditt, slik at du får best mogleg utbytte. Me følgjer deg gjennom rehabiliteringsprosessen og hjelper deg med å nå måla dine. For å lukkast, er det viktig at du er motivert, deltek aktivt og gjer ein eigen innsats.

Kven passar tilbodet for?

Tilbodet er for deg som:

  • har behov for tverrfagleg rehabilitering på døgnavdeling for å meistre kvardagen heime
  • er medisinsk avklara og ferdig behandla hjå fastlege eller sjukehus, og treng rehabilitering etter akutt sjukdom eller operasjon
  • bur heime og har hatt eit fall i funksjonsnivå over tid
  • treng intensiv trening og tett oppfølging frå fleire fagpersonar i ein periode
  • ynskjer å trena deg opp og er motivert for rehabilitering

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer her:

Søk helse- og omsorgstenester

Kontakt

Rehabiliteringsavdelinga
Avdeling for førebygging og rehabilitering
Telefon 56 52 25 00

Adresse

Hagahaugvegen 30
5705 Voss