Kommunal ergoterapiHar du utfordringar med daglege gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller funksjonsnedsetting? Då kan du ta kontakt med ein ergoterapeut. Sist endra 20.06.2025 11.47 Kva hjelp kan du få?Ein ergoterapeut hjelper deg med å setja mål for di habilitering og rehabilitering, og kan støtta deg med:HjelpemiddelSøkje, bestilla, tilpassa og læra deg å bruka tekniske hjelpemiddelOgså hjelpemiddel for syn og høyrselLes meir: HjelpemiddelAktivitet og funksjonKartlegga funksjonGje råd om aktivitet og arbeidsvanarFørebyggja sjukdom og skadeTrena på kvardagsoppgåverFølgja deg opp etter opphald på sjukeheim eller sjukehusDelta i heimerehabilitering.TilretteleggingTilpassa bustad, barnehage, skule eller arbeidsplassLes meir: Bustadtilpassing og tilskotMe kan også gje råd til pårørande og samarbeidspartnarar.Korleis få time?Du kan:Ring oss direkte - du treng ikkje tilvising frå lege eller anna fagpersonBli tilvist frå lege eller anna helsepersonellErgoterapeuten vurderer kven som treng hjelp først:Rask hjelp: Når det er viktig å hindra tap av funksjon eller lindre plagerTidleg hjelp: Når det er mogleg å betra eller bevara funksjon og meistringGenerell hjelp: Når tiltak kan ha positiv effekt på kvardagen dinPrisTenesta er gratis. Me søkjer etter flinke folkLedige stillingar innan helse og omsorgBli støttekontaktBli lærlingBli tilkallingsvikar