Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei ordning for deg med funksjonsnedsetting og stort, langvarig hjelpebehov. Sist endra 05.06.2025 10.00 Dette inneber BPA-ordningaBrukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein måte å organisere praktisk hjelp på, slik at du får meir fridom og styring over kvardagen din. Du bestemmer sjølv kven som skal hjelpa deg, og korleis hjelpa skal organiserast. Du kan få BPA både heime og når du er ute.Tenester som kan organiserast som BPA:personleg assistansepraktisk bistandopplæringstøttekontakt Kva må du sjølv gjera?Når du har BPA må du, eller nokon som står deg nær, vere arbeidsleiar. Det betyr at du har ansvar for å planleggje og følgje opp assistentane dine. Arbeidsleiarrolla er ikkje ein del av vedtaket og blir ikkje lønna. Kven kan få BPA?Du kan ha rett til å få tenestene dine organisert gjennom BPA-ordninga dersom:du har eit langvarig og stort behov for personleg assistansedu er under 67 år og har fått vedtak om meir enn 25 timar praktisk hjelp i vekadu er forelder til eit barn med store funksjonsnedsettingar og har fått vedtak om meir enn 25 timar hjelp i vekadet er føremålstenleg å samla fleire tenester i ei BPA-ordningMerk: Dersom behovet ditt er mellom 25 og 32 timar per veke, kan kommunen velja å organisere tenesta på annan måte dersom det er dokumentert at BPA vil gje høgare kostnader. Leverandørar med avtale i Voss herad Du kan velje mellom desse leverandørane: Leverandørar med avtale i Voss herad Leverandør Uloba – Independent Living Norge Prima Assistanse 2Care BPA AssisterMeg Stendi Abcent JAG Assistanse Mio BPA Unicare BAB Humana Omsorg og assistanse Brageva Tutela Assent Ecura Slik søkjer duDu finn informasjon om korleis du søkjer her:Søk helse- og omsorgstenester Lover og forskrifterBPA er ei lovpålagd teneste etter norsk lov. Det betyr at kommunen har plikt til å tilby BPA dersom du oppfyller visse vilkår.Helse- og omsorgstenestelova§3-2, fyrste ledd nr. 6 bokstav b: Gjev rett til praktisk bistand og opplæring§3-8: Gjev rett til å få tenester organisert som BPA dersom det er føremålstenlegPasient og brukarrettighetslova§2-1a: Gjev rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen2-1 d: Gjev rett til å få tenestene organisert som BPA for personar under 67 år med stort og langvarig hjelpebehov