Klarinett

Klarinett.

Kulturskulen tilbyr enkeltundervisning i klarinett. 

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 7 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Klarinetten er eit musikkinstrument i treblåsarfamilien. Namnet kjem av italiensk clarino som tyder trompet, og suffikset -et som tyder liten, fordi dei første klarinettane hadde ein lyd som likna trompeten. Klarinettar kjem i mange variantar, men når ein seier klarinett meiner ein vanlegvis sopranklarinett. Klarinettar vert laga av spesielle treslag eller, om det gjeld billige modellar, komposittmaterial og plastikk. Lyden vert generert av ei flis (røyrblad) som vibrerer når ein blæs. Klarinetten har eit stort omfang, nesten fire oktavar. Dynamisk kan ein klarinett spela svakare enn dei fleste andre instrument.

Det vert forventa at elevar som lærer å spela eit orkesterinstrument også deltek i kulturskulen sine junior- og rekrutteringsorkester.

Kjerneprogram

Viktige stikkord å jobba vidare med:

  • Pust

  • Klang

  • Teknikk

  • Musikalitet

  • Munnstilling

    Organisering av undervisninga

    Me ynskjer å skapa ein trygg undervisningssituasjon som er tilpassa kvar elev sine føresetjingar , interesser og behov. 

    Undervisninga vert gjeven individuelt og i grupper, som samspel og som konserttrening. 

    Undervisninga er fortrinnsvis notebasert, med innslag av gehørspel. 

    Eleven vil læra musikkteori og musikkuttrykk i samsvar med eige nivå og eigen progresjon. 

    Fagplanen skal vera ei hjelp for føresette, som vil kunna sjå kva eleven lærer i dei ulike fasane av undervisninga. Dei vil også kunna sjå kva som vert forventa av eleven.

    Læraren er kunnskapsformidlar, inspirator og motivator. Me ynskjer at samspelet mellom lærar og elev skal vera gjensidig inspirerande. Ein føresetnad for dette er at eit godt teknisk grunnlag og gode øvingsvanar vert innarbeidde tidleg. 

    Ein god start betyr mykje for vidare utvikling. Føresette er viktige samarbeidspartnarar for oss. Dei kan hjelpa til med å setja mål for innlæringa, sørgja for regelmessig øving og sjå til at instrumentet vert tatt godt vare på. 

    Dei føresette si positive merksemd er av uvurderleg verdi for læreprosessen, uavhengig av musikalske kunnskapar. 

    Instrument/utstyr: 

    Alle elevar må disponera eige instrument, enten ved å eiga sjølv, eller leiga av kulturskulen eller korpset.

    Øving og innsats: 

    Alle som spelar bør øva regelmessig. Hyppige repetisjonar er viktig både i øvings- og læringssituasjonen, ettersom gjenkjenning gjev meistring og tryggleik. Det er viktig å jobba for gode øvingsvanar heilt frå byrjinga. 

    Sjølv om øvinga i utgangspunktet bør vera lystbetont, er det ikkje alltid like kjekt å øva. Enkelte delar av leksa kan vera kjekkere enn andre, og i periodar er det naudsynt å stå litt på for å komma eit skritt vidare. Difor krever det å meistra eit instrument ein viss sjølvdisiplin. 

    Øving er aldri bortkasta. Det er betre med fleire korte økter enn få lange. 

    Ta fram igjen melodiar du har spelt før. Det er viktig å spela dei morosame melodiane!

    Hald tett kontakt med læraren; det er viktig med tilbakemelding frå føresette om korleis øvinga går heime. Huks, det er utanfor speletimen at størstedelen av øvinga finn stad.

    Mål for undervisninga for nybyrjarar

    KLANG:

    Her arbeider me med å etablera ein god munnstilling, kroppshaldning og puste-/blåseteknikk. Me konsentrerer oss om få tonar til å byrja med. Dette kan vera eit tålmodigheitsarbeid som tek tid og merksemd. Instrumentet kan følast "framandt", og det tek tid å få muskulatur til å jobba riktig, men på denne måten vert det skapt eit godt teknisk grunnlag som gjer vegen framover mykje lettare. Gleda ved samspel står sentralt heile tida. Lærestoffet vil alltid vera tilpassa den enkelte. 

    PUSTEN: 

    Kjenna at du brukar pusten når du spelar, og at den sit langt nede i magen. Bli bevisst på at dette er ein del av det å spela, og noko du sjølv aktivt styrer.

    TEKNIKK: 

    Generelt: Å kunna spela tydeleg er ein kombinasjon av å bruka fingrar og tunge/lepper, men utan god luftbruk som driv det heile framover, er ikkje tunge og fingrar nok. Jobba med å bruka tunga til å setja an tonane, og få fingrane til å skifta jevnt og automatisk mellom ulike grep. Dette er ein prosess som krev mange gjentakingar. 

    Mål for undervisninga for elevar som har spelt ei stund

    KLANG:

    Den klangen me har etablert, prøver me å flytta med oss til alle tonane på instrumentet, heilt opp og heilt ned. Me jobbar også med større og større sprang. Målet er å kunna gå fra ein kva som helst slags tone til ein annan, utan å mista den gode klangen. 

    PUSTEN:

    Jobba med å strekkja pusten, utvida kapasiteten, klara lengre og lengre strekk utan at tonen blir liten og tynn. 

    TEKNIKK:

    Utvida teknikken. Kunna spela i fleire toneartar. Kunna bruka tunga til å gjera tonane korte, markerte, eller binda fleire tonar saman og variera mellom desse.

    Mål for undervisninga for vidarekomne elevar

    KLANG:

    Målet er å bruka klangen som eit verkemiddel for å få fram det uttrykket me ynskjer i musikken. Me jobbar med å få full kontroll over tonane og klangen, uansett om dei vert spelte svakt, sterkt, eller går frå svakt til sterkt. For vårt instrument vil det i dette arbeidet også vera naudsynt å jobba grundig med intonasjonen – det å spela reint. Dette er ikkje eit mystisk, naturlig talent, men ein del av den tekniske, konkrete jobbinga med blåseteknikk.

    PUSTEN:

    Bruka pust som verkemiddel for å få fram det uttrykket me ynskjer i musikken. Kjenna kvar det er naturleg å pusta, og korleis uttrykket kan skifta når du vel annleis. Me pustar ikkje berre fordi me må, men fordi det passar i musikken. 

    TEKNIKK:

    Me finslipar ferdigheitene i å bruka teknikk, fingrar og tunge til å forma musikken og gje den det uttrykket me ynskjer. 

    VERKTØYKASSA VÅR INNEHELD:

    PULS OG RYTME

    Puls og rytme driv musikken framover, og er heilt naudsynte i alt samspel. Eleven lærer å kjenna pulsen i musikken og dermed vert rytmeforståinga utvikla. 

    GEHØRSPEL

    Gehørspel brukar me i alle fasar av opplæringa. Aktiv lytting utviklar det musikalske gehøret, som igjen er med på å styrka notelesinga. 

    NOTELESING

    Notane er musikken sitt internasjonale språk og eit viktig hjelpemiddel for overlevering og uttrykk. Notelære og instrumentopplæring går parallelt. God notelesing styrkar musikkforståinga. 

    PRIMA VISTA- SPEL

    Prima vista-spel/bladspel vert utvikla heile vegen, og er i stor grad basert på opparbeida kunnskap og gjenkjenning. 

    MUSIKKUTTRYKK

    og begrepsforståing vert innført gradvis for å gje musikken karakter. 

    NYBEGYNNAREN

    lagar lyd, lyd blir til tone og tone blir til melodi – uttrykket er i startfasen og spiren er sådd. 

    PÅ MELLOMSTADIET

    vert tonen til klang og klangen byrjar å variera i styrke og intensitet. Eleven kan spela både langsamt og hurtig, det musikalske uttrykket er på veg, og eleven vert klar over sine eigne kvalitetar og kan utvikla desse vidare. 

    DEN VIDAREKOMNE ELEVEN

    gjev klangen eit personleg uttrykk, teknikken gjev melodien liv og klangfargar og eleven formar musikken meir bevisst. Eleven klarar seg åleine i samspelsituasjonar og det musikalske uttrykket står til slutt heilt i sentrum. 

    Å uttrykka seg gjennom instrumentet (uansett alder og kunnskap) og derved gje tilhøyraren ei oppleving, står for oss som eit hovudmål i all instrumentalundervisning.

LUFT
 Lufta er det grunnleggande “drivstoffet” for å få lyd i eit blåseinstrument. Etter to år: Eleven har utvikla ein fri og avslappa pusteteknikk, med god støtte frå magemuskulaturen.

ANSATS

Luftstraumen går konstant (gjennom instrumentet) mens tunga berører flisa ein kort augneblink. Det høyrest ein (tunge)ansats. 

Etter to år: Eleven har ein god start på ny tone og beherskar fleire typar ansats. 

MUNNSTILLING

Munnstilling og embouchure (muskelbruk rundt munnen) har stor betydning for klang og toneproduksjon i instrumentet. 

Etter to år: Eleven har utvikla ein munnstilling som gjev god kontroll og god klang.

FINGERTEKNIKK

Ein korrekt fingerteknikk vert kjenneteikna ved at fingrane vert plasserte i ein boga - og ikke “knekt” stilling på klaffene. Ein effektiv innlæringsmetode for gode tekniske ferdigheiter er ved bruk av skalaer.

Etter to år: Eleven kjenner no til - og er i stand til å spela D,G,F,E,A og Bb-dur samt kromatisk skala med rett handstilling.

RYTME- OG NOTEFORSTÅING

Puls og rytme er grunnleggande i all musikk. Notelesing er å lesa musikken sin “tekst”, og er eit viktig verktøy til dette. 

Etter to år: Eleven kan lesa notebiletet og spela enkle rytmemønster frå heilnote tilsekstendelsmotiv. Eleven har eit bevisst forhold til- og god forståing av ein jevn puls.

GEHØRSPEL

Gehør er evna til å kunna oppfatta ein melodi, eit rytmemønster, akkordar m. m., for så å vera i stand til å spela det ein har høyrt på instrumentet etterpå. 

Etter to år: Gehøret er utvikla slik at eleven kan imitera eller herma etter musikk og laga eigne strofer og melodiar.

ØVING

Øving er ein føresetnad og eit krav for å kunna læra å spela klarinett. All framgang og utvikling er avhengig av gode øvingsrutinar. Hjelp frå føresette og rett lærarrettleing er nøkkelen til gode daglege øvevanar heime. (På lik linje med skulearbeid). 

Etter to år: Eleven har opparbeidd ei disiplinert haldning til det å øva på instrumentet sitt. Øvinga føregår jamnleg, og på ein rett og effektiv måte.

KONSERTTRENING

I kulturskulen får eleven høve til å spela konsertar for andre, både som solist og i større og mindre grupper.

Etter to år: Eleven har opparbeidd sjølvtillit og tryggleik på sitt nivå i konsertsituasjonar. Dette fører til glede og tryggleik i framføringssamanhengar.

SAMSPEL

Eleven får høve til å spela saman med andre frå første stund. Gjennom aspirant-/juniorkorps og i samspelgrupper i kulturskulen lærer eleven å forhalda seg til fleire instrument og stemmer, musikantar, instruktør og dirigent.

Etter to år: Erfaring frå samspelet har gitt eleven eit kollektivt medvit som gjer det mogeleg å forhalda seg til andre, både musikalsk og sosialt.

Det er meir å lesa om faginnhaldet i kulturskulen i den nasjonale rammeplanen: http://kulturskoleradet.no/rammeplanseksjonen/rammeplanen

På venteliste:
2

Lærarar