Direksjon
Vil du læra å leia kor, korps eller andre ensemble? I direksjon lærer du grunnleggjande dirigentteknikk, musikalsk leiing og kommunikasjon med musikarar.
Kven passar tilbodet for?
Tilbodet passar for ungdom frå 12 år som har gode ferdigheiter på instrumentet sitt og interesse for dirigering.
Dette lærer du
- grunnleggjande dirigentteknikk
- taktartar og innstudering
- partiturlesing
- kommunikasjon med ensemble
- prøveteknikk og musikalsk leiing
Undervisninga
Undervisninga kombinerer teori og praksis. Du får dirigera ulike ensemble og får rettleiing både individuelt og i gruppe.
Utstyr
Du bør ha gode musikkunnskapar og erfaring frå eige hovudinstrument.
Påmelding
Du melder deg på nederst på denne sida.