Hardingfele

HARDINGFELE

Kulturskulen tilbyr enkeltundervisning i hardingfele. 

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 8 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Hardingfela, stundom òg kalla hardangerfele, er eit strykeinstrument som liknar mykje på den vanlege fela – som i folkemusikksamanheng gjerne vert kalla flatfele - men skil seg frå denne ved at det under dei fire vanlege strengene ligg 4-5 understrenger - re­so­nans­streng­er - som kling med når dei vanlege strengene blir spela på. Hardingfela blir mykje brukt i norsk folkemusikk— særleg i Hardanger og Telemark,  men i nyare tid òg nordetter til Valdres,  søretter til Setesdal og på Vestlandet nord til Sunnmøre.  I resten av Noreg var hardingfela mykje i bruk tidleg på 1900-talet, men gjekk tilbake til fordel for den vanlege fela att.

Fagplan - Hardingfele 

Overordna mål for eleven: Oppnå gode ferdigheiter på instrumentet sitt. 

  • ⁃  Oppleve meistringsfølelse og speleglede 
  • ⁃  Ha kjennskap til lokalhistorie, lokale spelemenn og lokal tradisjon 
  • ⁃  Utvikle evne til samarbeid og samspel
  • ⁃  Bli ein ressursperson som bidreg til eit levande kulturliv 
  • ⁃  Vidareføre tradisjonen for slåttespel på Voss 
  • ⁃  Opparbeide eit godt øyre for rytme, tonalitet og særpreg 
  • ⁃  Starte arbeidet med å utvikle sin eigen spelestil 

Nybegynnar : (ca. 1-2 år) 

  • ⁃  Verte kjent med og ha respekt for instrumentet og korleis ta vare på          det   
  • ⁃  Namn på strenger 
  • ⁃  Jobbe fram eit godt bogegrep og ei god kroppshaldning 
  • ⁃  Spele lausstreng-slåttar og gradvis enkle slåttar/melodiar med 1,2,3 og 4 finger (bra stoff i Jon Jelmelt si bok) 
  • ⁃ Starte arbeidet med å opparbeide eit godt øyre for å lære musikken på          

             øyra ved hjelp av video/opptak og visuell instruksjon på timen

  • ⁃  Leggja ned ein øvingsinnsats heime, viktig å ha med foreldra på laget 
  • ⁃  Spele på konsert åleine eller med lærar og saman med juniorspelemannslaget 
  • ⁃  Delta på sjokoladekappleik om ein får høve

       

  • ⁃  Spele med juniorspelemannslaget på enkle stemmer/komp som er 

tilrettelagt. Dette gjev ein tidleg tryggleik og felleskapsfølelse 

         ⁃ Speleglede og meistringskjensle

Mellomstadiet: (ca. 1-4 år) 

  •  ⁃ Utvide repertoaret med slåttar i fleire taktartar og få prøve seg på mellom anna springar og halling           
  • ⁃  Få ei større bevisstheit til høge og låge fingrar
  • ⁃  Fortsetja arbeidet med å oppnå ein god teknikk som fungerer for den enkelte 
  • ⁃  Større fokus på riktige strøk i slåttane 
  • ⁃  Fortsetja arbeidet med å oppnå eit godt øyre/ei god evne til å lære på øyret. 

⁃  Få spele melodi på enkelte låtar i juniorspelemannslag, og oppleve det sosiale/fellesskapskjensla ein får av å vera ein del av ei gruppe 

  • ⁃  Delta på konsert eller sjokoladekappleik om ein får høve

⁃  Delta på helgekurs (Til dømes på Osterøy der det blir arrangert kurs kvart år med grupper på ulike nivå) 

         ⁃ Speleglede og meistringskjensle

Vidarekomne: (ca. 4-6 år) 

  • ⁃  jobbe med betre rytmikk, intonasjon og klang 
  • ⁃  starte med tostrengspel 
  • ⁃  prøve seg på rull 
  • ⁃  meir utfordrande slåttar og større fokus på lokalt repertoar 
  • ⁃  å få større kunnskap om lokal tradisjon 
  • ⁃  Bli oppfordra til å få opplæring i folkedans 
  • ⁃  reise på større kurs som til dømes Ungrosa, Mokurset eller Strunkeveko. 
  • ⁃  spele konsertar både med spelemannslag og åleine. 
  • ⁃  Få skifta frå vanleg fele til hardingfele 
  • ⁃  speleglede og meistringskjensle

Høgare nivå: (ca. 6 –>) 

  • ⁃ spele meir avanserte slåttar og ha kjennskap til alle dei ulike   bygdedanstypane og runddanstypane. 
  • ⁃  Jobbe med betre rytmikk, intonasjon og klang 
  • ⁃  Bli trygg på tostrengspel 
  • ⁃  Auke kunnskapen om lokal tradisjon 
  • ⁃  Starte arbeidet med tonalitet og introdusere kvarttonar når eleven har fått ein grei grunnintonasjon 

  • - Jobbe med rytmikk i bogehanda
    - Delta på lokalkappleik eller landskappleik i juniorklassen
    - Bli med i ungdomsstyret i juniorspelemannslaget og få ansvar
     - Vera med i kammergruppe i spelemannslaget for dei som er komne

                 lengst 

  • ⁃  Få komma og vera med i Voss Spelemannslag og spela til dans 
  • ⁃  Spela til dans åleine 
  • ⁃  Delta på kurs 
  • ⁃  Læra slåtter frå opptak og besøka arkiv 
  • ⁃  På dette stadiet kan ein også med enkelte elevar byrja med lett 

notelæring 

  • ⁃  Få speleoppdrag i ulike samanhengar, til dømes folklore 
  • ⁃  Starte arbeidet med å forme slåttene sjølv
  • ⁃  Speleglede og meistringskjensle

Voss er ei bygd med lange og sterke tradisjonar innan folkemusikk og folkedans. Samarbeid mellom kulturskulen/ læraren og dei lokale lagene (Voss Spelemannslag) er kjempeviktig for elevane, miljøet og det lokale kulturlivet. 

Det er viktig at elevane får delta på kurs og arrangement slik at dei vert kjende med elevar/utøvarar på tvers av eigen tradisjon og instrument/dans slik at dei kan verta ein del av den store norske ”folkemusikkfamilien”. Eg ynskjer å gje elevane mine ei opplæring som er grundig, samstundes som det er rom for eige uttrykk.

Det er meir å lesa om faginnhaldet i kulturskulen i den nasjonale rammeplanen: http://kulturskoleradet.no/rammeplanseksjonen/rammeplanen

      

På venteliste:
8

Lærarar