Kveding

Kveding.

Kulturskulen tilbyr gruppeundervisning i kveding.

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 5 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Kveding er ein syngjemåte inorsk folkemusikk. Kjem av ordet kvad, som tyder å syngja. Her nyttar ein talestemma, det lokale språket/dialekten, når ein syng. Talenær song. Ein puttar inn forsiringar, eller melodiske utsmykningar i melodien, og bevisst syng ein meir på konsonantane enn i klassisk song. Repertoaret er folketonar, med alle dei ulike sjangrane som fins der. T.d. bånsull, balladar, slåttestev, religiøse folketonar og så vidare. Alt vert lært på gehør. Hovudområdet vert songar frå Voss, Sogn og Hardanger.  

Overordna mål for eleven

Få gode ferdigheiter med songen sin

Oppleva meistringsglede

Utvikla seg til å verta ein sjølvstendig utøvar som har glede av musikk gjennom heile livet

Utvikla evna til å syngja saman med andre, og å samarbeida

Få moglegheit til fordjupning som kan danna grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning.

Verta ein ressursperson som bidreg til eit levande kulturliv

Fase 1

Få gode øvingsrutinar

Enkel oppvarming

Grunnleggande stemmebruk, verta trygg på eiga stemme

Læra ulike sjangrar; bånsull, skillingsviser, balladar og slåttestev

Læra om korleis ein nytta songane til ulikt bruk

Læra om kjeldene

Læra om folkemusikken her me bur

Delta på konsert

Fase 2

Øver regelmessig

Lytta aktivt til eigen song og medelevar i samspel

Nytta kunnskap om dialekten til songen, syngjemåte, uttale og rytmevarisasjon alt etter kvar i landet den er ifrå

Delta på konsertar

Fase 3

Planlegga øving saman med lærar

Bruka opptak av eiga synging som øvingsmetode og eigenutvikling

Kunna lengre songar utanat

Få kunnskap om rett stemmebruk

Opparbeida eit allsidig repertoar

Læra notar for eiga innstudering frå nedskrivne songar

Fase 4

Høge krav til øving

Langsiktig plan for øving

Nytta ulike kjelder, opptak, notenedskrivingar, arkivopptak , lytta til andre utøvarar for å læra nytt stoff

På eiga hand innstudera nytt stoff der ein nyttar all kunnskap ein har tileigna seg opp gjennom åra

Breiddetilbod

Oppvarming og grunnleggande stemmebruk

Læra ulike songar

Konsertdeltaking i trygge rammer

Spesielt for kveding

Læra songar i ulike sjangrar

Artikulasjon og tydeleg tekstuttale

Verta trygg på eiga stemme

Korleis me jobbar for å oppnå måla

Enkeltundervisning

Framføring i trygge rammer

Forventningar til eleven

Vera godt førebudd, vera aktiv på timen

Forventningar til læraren

Vera godt førebudd

Gje rette utfordringar

Gje klare mål til eleven

Gje trivsel og trygge rammer

Vurdering

Klare mål og evaluering undervegs

Godt samarbeid elev- føresette-lærar

Kjernetilbod

Spesielt for kveding

Gruppeundervisning, i nokre tilfelle individuelle timar

Oppvarmingsøvingar

Grunnleggande songteknikk

Læra songar på gehør

Læra om kjelda

Korleis me jobbar for å oppnå måla

Gruppeundervisning

Konsertdeltaking i trygge rammer på ulike arenaer

Godt samarbeid mellom elev,føresette og lærar

Variert repertoar frå dei ulike sjangrane innan folkemusikken

Forventningar til eleven

Gode øvingsrutinar og systematisk heimearbeid

Vera godt førebudd, vera aktiv på timen

Delta på elevkonsertar og liknande arrangement

Føresette fylgjer opp øvingsarbeidet mellom timane

Forventningar til læraren

Vera godt førebudd til timen

Skapa trivsel og trygge rammer

Innføring i bruk av øveteknikkar, forklara korleis og kvifor

Gje tydelege arbeidsoppgåver og rette utfordringar

Setja klare mål, og sei når desse er nådd

Vera eit godt førebilete

Vurdering

Ha klare mål og evaluering med eleven undervegs

Godt samarbeid mellom elev, føresette og lærar

Det er meir å lesa om faginnhaldet i kulturskulen i den nasjonale rammeplanen: http://kulturskoleradet.no/rammeplanseksjonen/rammeplanen

På venteliste:
1

Lærarar