Toradar

Fagplan for toradar i Voss kulturskule

På toradar på Voss vil du få individuell undervisning med ein speletime (22,5 minutt) i veka. 

I Granvin kan ein velje mellom gruppeundervisning (kring 3 elevar i kvar gruppe, 45 minutts undervisning i veka) eller individuell undervisning med ein speletime i veka.  

Etter kvart tilbod vil du få tilbod om å vera med i toradargruppa «Vossakrutt» på Voss og «G-belgane» i Granvin. Det vil vera nært samarbeid mellom «Vossakrutt» og «G-belgane» i høve repertoar og nokre samlingar saman.

Toradaren (også kalla durspel) er eit folkemusikkinstrument der ein speler melodi i høgre handa og kompar seg sjølv med bassrytmar i venstrehanda samstundes som ein dreg ein belg ut og inn. Lyden vert laga av at lufta i belgen passerer gjennom frie tunger av metall.

Toradaren er ein del av trekkspelfamilien, men skil seg frå det kromatiske trekkspelet ved at det er vekseltonig: kvar knapp gjev to ulike tonar avhengig om ein dreg belgen ut eller inn. I kulturskulen vil du få læra å spela gamaldans og bygdedans frå heile Noreg, og kanskje slåttar frå utlandet også! Toradaren er eit veldig populært instrument på Voss og i Hardanger, og du vil bli med i eit sosialt miljø som speler til dans, deltek på festivalar og tevlingar og speler konsertar.

Overordna mål for eleven

  • Få gode ferdigheiter på instrumentet sitt
  • Oppleva meistringsglede
  • Utvikla seg til å verta ein sjølvstendig utøvar som har glede av musikk gjennom heile livet
  • Utvikla evne til samspel og samarbeid
  • Få høve til fordjuping som kan danna grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning
  • Verta ein ressursperson som bidreg til eit levande kulturliv
  • Ha kjennskap til lokalhistorie, lokale spelemenn og folkemusikktradisjonen frå Voss og Hardanger
  • Opparbeida eit godt gehør
  • Utvikla sin eigen spelestil

Fase 1 – nybyrjar (Dei som har spelt i ca. 0-2 år)

  • Bli kjent med instrumentet og læra korleis ta vare på det
  • Kombinera bass og diskant i enkle melodiar
  • Læra god spelestilling og ei god kroppshaldning
  • Leggja grunnlag for god speleteknikk
  • Læra låtar på gehør med støtte i enkel toradarnotasjon
  • Få gode øvingsrutinar

Fase 2 – mellomnivå (Dei som har spelt i ca. 1,5 – 4 år)

  • Læra samspel gjennom å vera med i toradargruppa Vossakrutt eller G- belgane
  • Spela til dans og konsert åleine eller med lærar og saman med Vossakrutt og G-belgane
  • Delta på sjokoladekappleik om ein får høve
  • Læra å spela andrestemmer
  • Læra om skala, akkordar og rytmar
  • Bli oppfordra til å vera med å dansa folkedans på arrangement der dette naturleg høyrer heime
  • Delta på større kurs, slik som UngOsa, Strunkeveko, Storhelg i Hallingdal og UngLåt

Fase 3 – vidarekomen (Dei som har spelt i ca. 4-6 år)

  • Starta å spela bygdedans (springar, halling, rull og pols) i tillegg til gamaldans (polka, reinlender, vals og masurka)
  • Større fokus på lokalt repertoar
  • Vidareutvikla evna til å læra berre på gehør og imitasjon
  • Laga eigne låtar
  • Læra å laga andrestemmer og arrangement på slåttar
  • Læra melodibass
  • Få speleoppdrag i ulike samanhengar

Fase 4 – høgare nivå (Dei som har spelt i ca. 6 år og oppover)

  • spela teknisk avanserte slåttar og ha kjennskap til alle dei ulike gamaldans- og runddanstypane
  • utvikla sin eigen spelestil
  • jobba med frasering og formidling
  • spela til dans åleine
  • delta på Landsfestival og Landskappleik i juniorklassen
  • spela saman med hardingfelespelarane
  • gå over til å spela treradar ved ynskje og utvida repertoaret sitt
  • læra vanlege notar ved behov
  • bli utfordra til å få ansvar og leia Vossakrutt eller G-belgane musikalsk

På venteliste:
8

Lærarar