Dans

Dans.

Kulturskulen tilbyr gruppeundervisning i dans.

Me har all danseundervisning om torsdagane på Granvin skule og i Voss kulturhus.

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan komme med ynskjer i påmeldinga. 

Undervisningsstart Granvin: 13.00

Undervisningsstart Voss : Ca 16.00

Tilboda er delt opp i kategori, aldersgruppe og stad.

Pri

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Dans er menneskelege rørsler knytta til musikk eller rytme. Det er eitt av dei eldste uttrykka for menneskeleg kultur, og fins i alle samfunn. Dansen kan utførast i samband med ein religiøs rite eller for å underhalda dansarar eller tilskodarar. Dei fleste dansar har fastsette reglar for korleis ein skal utføra dei. Koreografi er kunsten å laga eller iscenesetta dansar for framfør


KREATIV DANSELEIK: Haldningsmål: Barna skal oppleva danseglede, meistringsglede og kreativitet. Dessutan tryggleik og etablera eit positivt forhold til eigen kropp. Barna skal også øva opp evne til å samarbeida med andre barn i si gruppe. Barna skal respektera kvarandre sine danseriske uttrykk.


Kunnskapsmål: Barna skal oppleva auka kroppsbevisstheit og kunnskap om kroppen sine moglegheiter. Gjennom historieforteljing, rytmar og ulike typar musikk utviklar dei fantasien sin, opplever samkjensle og styrkar dei sosiale relasjonane med dei andre i gruppa. Dei lærer om retningar i rommet, høgt og lågt, stort og lite etc.


Dugleiksmål:Dei lærer om dei ulike kroppsdelane, skilnad på rund og rett rygg, og strekk og flex av føter. Dei utfører leikar og øvingar som går føre seg ein og ein, to og to, på rekkje eller i ring. Dei lærer å setja saman rørsler til enkle dansar som dei utfører åleine eller saman med andre.

3-5 år: Barna skal kunna skapa og gjenskapa dans og meistra å dansa for eit publikum, både i ein klassesituasjon for kvarandre, og for føresette i rommet dei dansar i til vanleg.

4-6 år: Barna skal kunna skapa og gjenskapa dans og meistra å dansa for eit publikum, både i ein klassesituasjon for kvarandre, for foreldre og på scenen.


Føresetnader for læring:

Danselærar tek hensyn til og tilrettelegg i størst mogeleg grad ut ifrå det enkelte barn sitt fysiske og psykiske utviklingsnivå.

I gruppa vil det vera både barn som har gått på kreativt dansekurs tidlegare og heilt nye elevar. Alle barna vil allikevel kunna fylgja si eiga utvikling då innhald og undervisningsform tilrettelegg for individuell utvikling.




Læringsmål


Eleven

• meistrar grunnprinsipp relatert til eigen kropp og dansefaget sin eigenart

• har deltatt med enkle danseuttrykk på ein relevant visningsarena

• utforskar og skaper eigne små komposisjonar

• kjenner ulike nivå, retningar og relasjonar i rommet

• kjenner til og set ord på grunnleggjande rørsler, musikk og rytme

• set ord på eiga kroppsbevisstheit

• set ord på danseopplevingar

• samarbeider og deltek aktivt i eit sosialt fellesskap

• opplever dansen sitt mangfald og dansen si glede

* tek omsyn til og viser respekt for faget og medelevar



Forventningar til eleven


• er førebudd, positiv og motivert i dansetreninga

• viser god treningskultur

• opplever kroppsleg utfalding og utfordring

• opplever fagleg læring og utvikling som fylgjer ein tydeleg fagleg progresjon

• utviklar motivasjon og eigarskap

• erfarer inkludering og medbestemming

• utviklar disiplin

• opplever variert tilnærming til sjanger som utvidar fagleg nyfikenheit og horisont



Forventningar til læraren


• skapar eit læringsmiljø prega av trivsel, tryggleik, samarbeid og samhandling

• tilrettelegg for læring av generelle basisferdigheiter  (dansemotorisk, musikalsk, romleg)

• vektlegg prosess og meistring

• introduserer grunnelement

• skapar gode formidlingsopplevingar

• stimulerer kreativitet og danning gjennom å skapa og oppleva

• vektlegg kunstnerisk kvalitet





KREATIV DANS / MODERNE DANS 3.-6. KLASSE


Haldningsmål: Barna skal oppleva danseglede, meistringsglede, tryggleik og kreativitet. Barna skal også øva opp evne til å samarbeida  med andre barn i si gruppe. Barna skal respektera kvarandre sine danseriske uttrykk.


Kunnskapsmål: Barna skal oppleva auka kroppsbevisstheit og få forståing for ulike danseelement. Barna skal få høve til å vera publikum for kvarandre og kunna gje verbale tilbakemeldingar.


Ferdigheitsmål: Barna skal kunna utforska høve til rørsle. Dei skal kunna anvenda danseelement kreativt i eigne dansar, åleine eller saman med andre. Barna skal også kunna skapa og gjenskapa dans og meistra å dansa for eit publikum, både i ein klassesituasjon for kvarandre, for foreldre, og på scena.


Føresetnader for læring:

Danselærar tek omsyn til og legg til rette i størst mogeleg grad ut ifrå det enkelte barn sitt fysiske og psykiske utviklingsnivå. I gruppa vil det vera både barn som har gått på kreativt dansekurs tidlegare og heilt nye elevar. Alle barna vil allikevel kunna fylgja si eiga utvikling då innhald og undervisningsform tilrettelegg for individuell utvikling.




Læringsmål


Eleven

• meistrar grunnprinsipp relatert til eigen kropp og dansefaget sin eigenart

• har deltatt med enkle danseuttrykk på ein relevant visningsarena

• utforskar og skapar eigne små komposisjonar

• kjenner ulike nivå, retningar og relasjonar i rommet

• kjenner til og set ord på grunnleggjande rørsler, musikk og rytme

• set ord på eiga kroppsbevisstheit

• set ord på danseopplevingar

• samarbeider og deltek aktivt i eit sosialt felleskap

• opplever dansen sitt mangfald og dansen si glede

  • tek omsyn til og viser respekt for faget og medelevar



    Forventningar til eleven


    • er førebudd, positiv og motivert i dansetreninga

    • viser god treningskultur

    • opplever kroppsleg utfalding og utfordring

    • opplever fagleg læring og utvikling som fylgjer ein tydeleg fagleg progresjon

    • utviklar motivasjon og eigarskap

    • erfarer inkludering og medbestemming

    • utviklar disiplin

    • opplever variert tilnærming til sjanger som utvidar fagleg nyfikenheit og horisont



    Forventningar til læraren


    • skapar eit læringsmiljø prega av trivsel, tryggleik, samarbeid og samhandling

    • tilrettelegg for læring av generelle basisferdigheiter  (dansemotorisk, musikalsk, romleg)

    • vektlegg prosess og meistring

    • introduserar grunnelement

    • skapar gode formidlingsopplevingar

    • stimulerer kreativitet og danning gjennom å skapa og oppleva

    • vektlegg kunstnerisk kvalitet






MODERNE DANS



Overordna mål


• oppleva danseglede

• oppleva meistring, utvikla lyst til å læra og nyfikenheit på faget

• oppleva tryggleik, trivsel og fellesskap

• utvikla lyst til å utforska, skapa og uttrykka



Læringsmål 


Eleven 

• meistrar fagspesifikke basisferdigheiter relatert til eigen kropp, sjanger og

dansefaget sin eigenart

• utøver danseuttrykk relatert til dynamikk, musikk, rom og arenaer, åleine og i ulikegrupperingar

• har kunnskap om musikken sin form, rytme og stemning

• har kunnskap om enkle koreografiske prinsipp

• har kjennskap til dansen sitt mangfald og rolle i samfunnet

• viser respekt for dansekulturen sine normer og verdiar

• reflekterer over eiga læring og utvikling

• har deltatt i skapande prosessar frå idé til produkt

• har deltatt på arenaer for kunstnerisk samarbeid på tvers, der fleire avkulturskulen sine kunstuttrykk er                                       integrerte



Forventningar til eleven


• er førebudd, positiv og motivert i dansetreninga

• viser god treningskultur

• opplever kroppsleg utfalding og utfordring

• opplever fagleg læring og utvikling som fylgjer ein tydeleg fagleg progresjon

• utviklar motivasjon og eigarskap

• erfarer inkludering og medbestemming

• utviklar disiplin

• opplever variert tilnærming til sjanger som utvidar fagleg nyfikenheit og horisont



Forventningar til læraren


• legg til rette for systematisk trening i å utvikla fagspesifikke basisferdigheiter

• legg til rette for god fagleg progresjon og kontinuitet

• legg vekt på å utøva og å formidla

• legg vekt på samhandling og ensemblefølelse

• stimulerer elevane sin indre motivasjon og sitt engasjement

• utfordrar elevane sitt personlige uttrykk og si formidling

• legg til rette for kreative læringsprosessar der elevane skapar frå idé til produkt

• legg vekt på elevane sin eigenvurdering og refleksjon, og brukar formativ vurdering aktivt



Det er meir å lesa om faginnhaldet i kulturskulen i den nasjonale rammeplanen: http://kulturskoleradet.no/rammeplanseksjonen/rammeplanen




På venteliste:
32

Lærarar