Drama

Drama

Kulturskulen tilbyr gruppeundervisning i drama.

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 8 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

TEATER/DRAMA

Kulturskulen tilbyr gruppeundervisning i teater.


 Teater er ei kunstform der ein eller fleire skodespelarar opptrer, gjerne sminka og utkledde, for eller saman med eit publikum. Som oftast er ei framsyning nøye fastlagt og innøvd, men skodespelarane kan også improvisere.

Teater i kulturskulen omfattar teater- og dramapedagogiske prosessar, arbeid med roller, situasjonar og teaterproduksjon. Gjennom teaterfaglege arbeids- og uttrykksformar skal elevane utvikle kompetanse i å utøve, formidle, skape, oppleve og reflektere. Teater i kulturskolen har si forankring i teater som scenekunst. I teaterets form skapar menneske underhaldning, folkeopplysning og samfunnskritikk. I dag er forståinga av kultur og samfunn påverka av inntrykk fra heile verda. Uttrykk og formidlingsformar er prega av stort mangfold. Teater i kulturskulen på Voss har eit fokus på rørsle, stemme, formidling og framsyning. Teater er delt inn i 2 grupper- Teater & Drama og Teaterproduksjon & Skodespelarteknikk. Det vert tilsvarende som det rammeplanen kaller fase 1 & 2.

Pål Louis Kaupang Rasmussen underviser i teater: pal.l.rasmussen@voss.herad.no

Overordna handlingar i teaterfaget:

  • Skape
  • Reflektere
  • Formidle
  • Utøve
  • Oppleve

Premissar i teaterfaget:

  • Mot
  • Meistring
  • Speleglede
  • Tillit
  • Samhandling
  • Disiplin

Overordna mål for eleven:

  • Utvikle uttrykksevne, formsans og ferdigheiter innan skodespelarkunsten. 
  • Kunne anvende teater som kommunikasjonsmiddel.
  • Oppleve meistringsglede og positiv eigenutvikling.
  • Utvikle evne til kritisk tenkning, empati og lagspel.

Kjernetilbod

Kjernetilbodet er hovedinnretninga i teatertilbodet. Elevane kjem djupt ned i dei teaterfaglege handlingane utøve, formidle, skape, oppleve og reflektere. Handtverk, kunstnerisk utvikling og samarbeidsevne står sentralt.

Korleis me arbeider for å oppnå måla våre:

  • Etablera  gode øvingsrutinar
  • Vere nysgjerrig på teknikker og fagtradisjoner
  • Refleksjon over eigen dugleik og utvikling
  • Oppnå og anvende teorikunnskap og teaterfagleg terminologi

Fase 1. Hovedelement:

  • Leik
  • Scenetryggleik
  • Rørsle
  • Stemme 
  • Framsyning

Forventningar til læraren:

  • Vektlegg samspelet mellom å øve, skape, formidle og reflektere.
  • Skapar eit læringsmiljø prega av trivsel, trygghet, samarbeid og samhandling.
  • Vektlegg prosess og meistring.
  • Vektlegg ensembleutvikling og ensemblekjensle.
  • Legg til rette for teaterframføringar.

Læringsmål for eleven:

  • Meistrar basisferdigheter i spel, med kropp og stemme.
  • Kan bruke kropp og stemme som verktøy.
  • Kan skape spel gjennom arbeid med enkle improviserte forløp.
  • Kan skape spel gjennom arbeid med enkle tekster.
  • Kjenner nokon samlande oppvarmingsøvingar og leiker.
  • Har trent opp merksemd og iakttakelsesevne, fantasi og forestillingsevne.
  • Har medvit om rørslekvalitet (rask/langsom, stor/liten, tett/ spredt, stor/liten muskelmotstand).
  • Kjenne grunnleggande prinsipp for samspel (akseptere og lytte).
  • Har gjennom dramaleik erfart gruppa som et skapende ensemble.
  • Har vist enkle dramauttrykk på ein relevant visningsarena.
  • Kan gje og motta tilbakemelding i praktisk arbeid.
  • Kjenner sentrale dramafaglige begrep.

Fase 2. Teaterproduksjon og skodespelarteknikk. Hovudelement:

  • Teknikk
  • Karakterarbeid
  • Rørsle
  • Stemme
  • Produksjon

Forventningar til læraren:

  • Vektlegg skodespelarteknikkar og improvisasjonsmetodar.
  • Etablerer eit læringsmiljø prega av elevens meistringsoppleving og positive egenutvikling.
  • styrkar relasjonar og ensembleidentitet.

Læringsmål for eleven:

  • Har videreutvikla dugleiken sin  i spel med kropp og stemme.
  • Kan improvisere fram roller, situasjonar, handlingsforløp og stemningar med utgangspunkt i tekst/ forteljing, gjenstand, bilete, tema, musikk/lyd, sted, eigen oppleving.
  • Meistrar dei ulike fasane av teaterarbeidet: oppvarming, konsentrasjon, teknikk og presentasjon.
  • Har videreutvikla evna til merksemd og iakttakelse i samspel.
  • Praktiserer grunnleggende prinsipp for samspel og samhandling i teaterarbeid.
  • Har trening i å dele erfaringar med medelever, gi og ta mot konstruktiv tilbakemelding.
  • Har utvikla disiplin og god øvingskultur.
  • Kan formidle roller og sceniske situasjoner i små og store produksjoner.
  • Har deltatt i helhetlige produksjoner fra idé til ferdigstilling.
  • Har sett teaterforestillinger sammen andre elever og kan samtale om desse.
  • Forstår grunnleggande begrep i praktisk teaterarbeid og produksjon.

Skodespelarteknikkar som teaterlæraren brukar i sitt arbeid med elevane:

  • ·         Sanford Meisner (Meisnerteknikken)
  • ·         Jacques Lecoq (Lecoq)
  • Declan Donnellan (The actor and the target)
  • Konstantin Stanislavski (Stanislavskisystemet)
  • Anne Bogart (Viewpoints og komposisjon)

Det er meir å lesa om faginnhaldet i kulturskulen i den nasjonale rammeplanen: http://kulturskoleradet.no/rammeplanseksjonen/rammeplanen

På venteliste:
1

Lærarar