Fiolin

Fiolin.

Kuturskulen tilbyr både enkeltundervisning og gruppeundervisning (orkester) på fiolin.

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 6 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Fiolinen er det minste av strykeinstrumenta og har lange tradisjonar innan både klassisk- og folkemusikk, i tillegg til å bli mykje brukt i både jazz og populærmusikk.

Mange kjenner den i klassisk samanheng som ein del av eit symfoniorkester, men den er også ein del av eit kammerorkester, ein strykekvartett, ein strykeduo/-trio, eller andre ensemblesamansetjingar. 

Fiolinen er like gjerne også eit soloinstrument, og i den klassiske fiolinlitteraturen fins det mengder av fiolinkonsertar og –sonater av store komponistar som Bach, Vivaldi, Mozart, Beethoven og Brahms for å nemna nokon.

Instrumentet fekk si noverande form i løpet av 1500- og 1600-talet i Norditalia. Fiolinbyggjarfamiliar som Amati, Stradivari og Guerneri perfeksjonerte instrumentet.

Det vert forventa at elevar som lærer å spela eit orkesterinstrument også deltek i kulturskulen sine junior- og rekrutteringsorkester.

Helga Hjetland underviser i fiolin: helga_jet@hotmail.com

Kjernetilbod

Overordna mål for eleven:

  • Oppnå gode ferdigheiter på instrumentet sitt

  • Oppleva meistringsglede

  • Utvikla evne til samarbeid og samspel

  • Bli ein ressursperson som bidreg til eit levande kulturliv.

Nybegynnar (Ca. 1-2  år):

  • Bli kjent med instrumentet, dei ulike delane og korleis ta vare på det

  • Innarbeida god spelestilling,  kroppshaldning og bogegrep

  • Laga god lyd i fela, fyrst med pizzicato, deretter med bogen; gode strengskift og rett boge

  • Lytta bevisst og imitera på opne strengar, etterkvart ulike rytmar, gjenkjenna tonar og rytmar

  • Læra 1., 2. og 3. finger (evt også 4. Finger)

  • Spela enkle, gjerne kjende melodiar i A- og D-dur, gjerne gehørbasert

  • Gradvis innføring av notar

  • A-dur og D-dur skala i ein oktav

  • Læreverk/metode- eksempel: Midt i blinken (Anne Berit Halvorsen). For dei yngste kan ein godt starte med Eva Belvelin (tidl. Bogren): ”Små låtar för små stråkar”

  • Samspel med lærar med ulike stemmer og spela med cd-komp

  • Opptre på konsert, gjerne akkompagnert av piano

  • Innarbeida gode øvingsvanar, her er foreldra viktige

  • Oppleva størst grad av meistring heile vegen

Mellomstadiet (ca 1-3 år):

  • Utvida repertoaret i A- og D-dur, bli trygg på toneartane

  • Introdusera låg 2. finger og  4. finger

  • Spela stykker i toneartar med grep med låg 2. finger

  • G-dur skala i 2 oktavar

  • Delta i samspelgruppe med andre strykarar og oppleva gleda ved samspel og det sosiale rundt dette

  • Auke øvingsmengde gradvis

  • Bevisst forhold til notar, pauser, rytmemønster, lause forteikn og dynamikk

  • Kontinuerleg arbeid med god, avspent kroppshaldning og eit godt bogegrep

  • Bevisst bruk av staccato, legato, portato og detaché

  • Opptakt

  • Introdusera 3-takt

  • Læreverk/metodeverk- eksempel: Midt i blinken 1 og 2, Suzuki violin school vol 1 og 2, små etydar og øvingar som f.eks Kayser

  • Kontinuerleg fokus på god intonasjon og klang

  • Delta på konsertar

  • Notelesing

Vidarekomen (2-3 år):

  • Introdusera grep med låg 1.finger og låg 4. finger

  • Introdusera 3. Posisjon

  • Vibrato og klangproduksjon

  • Øva sjølvstendig og planmessig

  • Frasering og artikulasjon, accentar

  • Delta i samspel for dei vidarekomne elevane

  • Evt. kammermusikk med andre elevar/lærar

  • Delta på konsertar 

  • Etydar som f.eks Kayser, Seybold

  • Skalaøvingar, som ”Den unge fiolinistens skalasystem” av Nicolae Bogdan

  • Metodeverk som Suzuki vol. 3 og 4, konsertar av Seitz, Rieding og Küchler

  • Meir bevisst bruk av boge og bogeinndeling

Høgare nivå (3-5 år):

  • 2. posisjon, 4. -6. posisjon

  • Skalaøvingar i 3 oktavar, som Flesch eller liknande

  • Spela i meir avanserte taktartar

  • Toneartar med fleire # og b

  • Musisera sjølvstendig, 

  • Væra med i Fossegrimen

  • Øva planmessig og målretta på instrumentet

  • Suzuki violin school vol 5 og 6, større verk frå den klassiske fiolinlitteraturen

Korleis me arbeider for å oppnå måla

  • Individuell undervisning.

  • God kommunikasjon med foreldre.

  • Konsertar og framføringar.

  • Klare mål.

  • Evaluering etter kvart undervisningsår.

  • Samarbeid med lokale korps og orkester.

Forventningar til eleven

  • Godt forebudd til timane.

  • Systematisk heimearbeid.

  • Positivt til stades på timane.

  • Deltek på konsertar og arrangement.

Forventningar til læraren

  • Godt førebudd til timane.

  • Gjev innføring i korleis ein øver.

  • Gjev rette utfordringar.

  • Syrgjer for at eleven veit måla sine, og når dei er nådd.

  • Syrgjer for tryggleik og trivsel.

  • Er eit forbilde for eleven.

Vurdering

På venteliste:
1

Lærarar