Innmelding av elevar til 1.klasse 2026/2027 i Vossaskulen
I november 2025 går det ut skriv til alle føresette som har born som skal starta i 1.klasse hausten 2026.
Brevet er ei orientering om kva skule barnet har fått reservert plass ved. Barnet vert plassert på nærskulen ut frå den adressa barnet er registrert på i Folkeregisteret.
Sist endra 13.11.2025 10.28
Føresette loggar seg inn med ID-porten på kommunen si heimeside i Portal for oppvekst, skuleinnmelding og stadfestar skuleplasseringa.
Meir informasjon om nærskuleprinsippet og skulebyte finn ein på heradet si heimeside: Vossaskulen – skulebyte.
Her ligg også søknadsskjemaet søknad om skulebyte.
Føresette får vedtaksbrev automatisk.
Velkomen til Vossaskulen!