Kom med innspel til naturmangfaldsplanen

Temaplan for naturmangfald i Voss herad er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, med høyringsfrist 15. november 2024. Me vil gjerne høyra frå innbyggjarar, lag, organisasjonar og andre som er opptekne av naturen i Voss herad.

Høyringsinnspel kan sendast til postmottak@voss.herad.no innan 15. november 2024.

«Temaplan for naturmangfald i Voss herad» består av ein kunnskapsdel som samanfattar mål, utfordringsbiletet, skildring av naturen i Voss herad, status og kunnskapsmanglar m.m., og ein handlingsdel med kring 60 tiltak.

Heradet vil ila. høyringsperioden supplera handlingsdelen med kva avdelingar som har ansvar for dei ulike tiltaka, kva tid dei skal gjennomførast og om det er behov for midlar for å kunna gjennomføra dei.

Naturmangfaldplanen skal bidra med å nå fylgjande sju mål:

  1. Stansa tapet av truga artar og naturtypar på land og i vatn 
  2. Forbetra tilstanden til truga naturtypar og artar 
  3. Redusera negative effektar av areal- og klimaendringar på naturmangfaldet 
  4. Følgja opp Naturavtalen og mål om meir verna areal 
  5. Berekraftig forvalting av jordbruks- og skogsbruksområde med omsyn til naturmangfald 
  6. Redusera negativ påverknad på natur frå framandartar og anna forureining 
  7. Sikra at framtidige generasjonar kan nyta godt av naturen og læra den å kjenna

Tiltaka i handlingsdelen er sortert under dei ulike måla.


Vedlegg:

Temaplan for naturmangfald i Voss herad (PDF, 14 MB)
Handlingsdel til naturmangfaldplan 2025-2029 (PDF, 112 kB)
Vedlegg til handlingsdel til naturmangfaldplan 2025-2029 (PDF, 55 kB)