Leve heile livet på Voss

'Leve hele livet' er ein kvalitetsreform som skal bidra til eit samfunn det er godt å vera eldre i. Gjennom heile livet skal innbyggjarane kunna delta, skapa, bety noko, gje og få god omsorg.

Det er behov for å lære av innbyggjarane kva som skapar gode kvardagar. Reforma utfordrar kommunane til å tenkja nytt, læra av og dela med andre, samt ta i bruk erfaringar og kunnskap om kva tiltak som verkar. 

Samarbeidet er i gang mellom Voss herad, Næringshagen på Voss, Senter for omsorgsforsking og Voss frivilligsentral for å skapa eit aldersvenleg samfunn. Liv Jorunn Solstad er prosjektleiar (liv.j.solstad@voss.herad.no, tlf: 415 00 856)