Oppstart detaljreguleringsplan for Nedre Tråstølen

I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette varsla at Akons AS, på oppdrag for Bjarthe Torsvik m.fl., set i gang arbeid med detaljregulering for Gnr./Bnr. 57/4, 56/3 m.fl. Nedre Tråstølen i Voss herad.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for 6 fritidsbustader og parkering innanfor felt J3 i reguleringsplan for Bavallen- Tråstølen. Tilkomst vert frå Grevlestølen.

Varslingsområdet er om lag 15 dekar. I varsla område inngår og tilgrensande veg.

Planområdet kan bli mindre enn varslingsområdet etter at vegløysingar og anna er avklart.

Planen utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing.

Spørsmål og innspel til planarbeidet kan sendast til:
Akons AS, pb. 21, 5207 Søfteland,
eller som e-post til: even@akons.no

FRIST FOR MERKNADER ER: 1.02.2020