Varsel om oppstart av planarbeid - privat detaljreguleringsplan for Tråakrokane 2 - planid 2024007

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av arbeid med privat detaljreguleringsplan for eigedomane gnr/bnr 54/21 og 54/51 og del av Ringheimsvegen 54/100, i Voss herad. Det vert i tillegg varsla oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale jf. plan – og bygningslova §17-4. Det vert og vist til FPL-sak 68/24 og godkjenning av planoppstart. PlanGrep MNAL er plankonsulent og skal utarbeida planen på vegne av tiltakshavar Voss Byggsenter AS.

Føremålet med planarbeidet er å tilretteleggja for bustadområde med 8 bueiningar i to firemannsbustader, og ny avkøyring til Ringheimsvegen.

Innspel og merknadar til planarbeidet må sendast innan 29. november 2024 til: 
PlanGrep MNAL, Grågåsvn 29, 3142 Vestskogen eller til epost: eyolf@plangrep.no   

 

Meir informasjon finn de i varslingsbrev og vedlegg jf. lenker under:

Varslingsbrev_Tråakrokane 21.10.24 (PDF, 253 kB)
Kartutsnitt planområdet 15.10.24 (PDF, 161 kB)
Planomriss Tråakrokane 2 (PDF, 121 kB)
Planinitiativ Tråakrokane 2 (PDF, 651 kB) 
Notat frå oppstartsmøte rev. 15.10.24 (PDF, 369 kB)
FPL-sak 68/24 (PDF, 576 kB)