Varsel om oppstart av privat detaljreguleringsplan for Meierivegen 5

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om oppstart av privat detaljreguleringsplan for Meierivegen 5. Planområdet omfattar i hovudsak eigedomen 192/88, samt tilgrensande veg- og jernbaneareal. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for etablering av bustader og næring, som mellom anna blanda føremål, kontor og bryggeri med bevertning. 

Tiltakshavar er BOB Eiendomsutvikling AS. 
Plankonsulent er Mad Arkitekter ved Marina Trifkovic.

Innspel og merknadar til planarbeidet kan sendast til Mt@mad.no  innan 2.juni 2024. 
 

Meir informasjon finn de i varslingsbrev med vedlegg jf. lenker under:

Varsel om oppstart av planarbeid Meierivegen 5 (PDF, 5 MB)

Illustrasjonsvedlegg planinitiativ (PDF, 15 MB)

Planinitiativ Voss meieri (PDF, 809 kB)

VOM Forslag til planavgrensning (PDF, 2 MB)

Notat frå oppstartsmøte (PDF, 324 kB)