Bilen er den største kjelda til utslepp frå hyttelivet

Transport står for 60% av utsleppa frå bruken av fritidsbustader i Eidfjord, Kvam og Voss. Det viser rapporten «Grønt hytteliv» frå Asplan Viak. Fleire av hyttefelta på Voss har høgt klimafotavtrykk.

Asplan Viak leverte 4. juli rapporten «Grønt hytteliv. Klimagassutslipp knyttet til bygging og bruk av fritidsboliger i Kvam, Voss og Eidfjord kommuner». Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Bergen kommune, Eidfjord kommune, Kvam herad, Voss herad og Vestland fylkeskommune. Arbeidet er finansiert med midlar frå Klimasats-ordninga til Miljødirektoratet og eigeninnsats frå kommunane. Rapporten var oppdatert med mindre justeringar for transport i oktober 2023. 

 

Hyttefelt på Voss kjem dårleg ut

Totalt er klimafotavtrykket frå bruken av eksisterande fritidsbustader rekna til over 12 000 tonn CO2-ekvivalentar årleg (CO2e/år). Til samanlikning er dei direkte klimagassutsleppa i Voss, Eidfjord og Kvam om lag 140 000 tonn CO2e/år i 2021 (ekskludert utslepp frå industri, olje og gass). 

Transport står for 60 % av utsleppa frå eksisterande fritidsbustader og energibruk for 35 %. Andre utslepp er knytt til vedlikehald av bygg og veg, og desse er anslått å vera rundt 5 % samla.

Det gjennomsnittlege klimafotavtrykket per fritidsbustad per år varierer mellom hytteområda. Kvamskogen har lågast fotavtrykk med ca. 1,6 tonn CO2e/år per fritidsbustad medan Sysendalen, Myrkdalen, Bavallen og Tråstølen har nærmare 2 tonn CO2e/år per fritidsbustad.

Klimagassutsleppa skjer på ulike stadium i livsløpet til fritidsbustaden og varierer ut frå bruksdøgn, byggjeår, hyttestorleik, transportdistanse og om det er ei frittliggjande hytte eller leilegheitsbygg. I og med at transport er den største bidragsytaren til klimagassutsleppa er det talet på bruksdøgn og avstanden frå heimen som er dei viktigaste faktorane for utslepp.

 

Færre nye hytter har størst klimaeffekt

Asplan Viak har også rekna på klimagassutsleppa frå utbygging og bruk av regulerte fritidsbustader som enno ikkje er utbygde. Desse klimagassutrekningane inneheld mellom anna utslepp knytt til bygg- og anleggsfasen, til dømes produksjon av materialar og utslepp frå arealbruksendringar.

For dei nye fritidsbustadane står transport framleis for dei største utsleppa, men med «berre» 34 % av totalen. Materialbruk knytt til infrastruktur (VA og veg) står for 23 %, materialbruk knytt til sjølve bygget står for 19 %, energi for 18 % og arealbruk for 7 %.

 

Tiltak som reduserer klimagassutsleppa

Asplan Viak peikar på at tiltaka som har størst effekt på klimagassutsleppa er dei som kan bidra til at det vert bygt færre hytter. Ein restriktiv praksis for regulering av nye fritidsbustader vil vera nødvendig for å få dette til. Større grad av deling og meir bruk av eksisterande fritidsbustader vil også bidra positivt. Det nest beste ein kan gjera med omsyn til klimafotavtrykket er å byggja om/oppgradera eksisterande hytter framfor å byggja nye.

Dersom det likevel skal byggjast heilt nye fritidsbustader må dette skje med lågast mogleg utslepp. Spesielt vil ein del tiltak knytt til transport, som å fortetta rundt kollektivknutepunkt, kunna gje god klimaeffekt. Dersom slik fortetting ikkje er mogleg, vil det vera viktig at kvar hytte har forsiktig arealbruk. Å byggja off-grid hytter utan innlagt straum, VA og veg, og å byggja på pålar framfor betongsåle er viktige tiltak for å få til dette.

 

Samarbeid med andre hyttekommunar

Voss herad held fram samarbeidet med Eidfjord kommune og Kvam herad om å iverksetja tiltak som skal få ned klimagassutsleppa frå hytteutbygging og -bruk. Hyttekommunane har nær 800 000 kr til å gjennomføra tiltak innan sommaren 2024. Mange av tiltaka Asplan Viak føreslår har ingen prislapp, men kan implementerast gjennom rullering av kommuneplanen sin arealdel og andre prosessar i kommunen.  

 

Les heile rapporten her (PDF, 6 MB)

 

Kontaktperson:

Klima- og miljørådgjevar Lina Hamre, e-post: lina.hamre@voss.herad.no^
Næringssjef, Kaia Finne, e-post: karianne.finne@voss.herad.no